Dragseidspelet - 'På Sverdeggja'

Dragseidspelet - 'På Sverdeggja' Året er 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet. Be Med seg har Kongen "den nye trua"; kristendomen. og 2.

Der møtest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Beskjeden til dei heidenske vikingane er klar: Ta i mot trua, eller kjemp ein dødens kamp mot Kongen sin sterke hær av kristne soldatar. VIKINGANE ER TILBAKE

Det blir dramatikk i vinden som stryk over Dragseidet på Stadlandet, når vikingane møter sin konge i ein historisk kamp om tru og

ære.

1. juni 2013 blir det på nytt høve til å oppleve Dragseidspelet "På Sverdeggja".Det er no 16 år sidan spelet for første gong vart vist på Dragseidet, for Hans Majestet Kong Harald og fleire tusen frammøtte publikumerar. Årets framsyning blir den 11. i rekka, og inngår også som ein del av det offisielle programmet under 250års-jubileet for Sogn og Fjordane fylkeskommune. Stykket som er skrive, og dei siste åra også regissert av den anerkjente forfattaren Rolf Losnegård, har gjennomgått ei spennande utvikling med introduksjon av nye element, karakterar og skodespelarar. Framsyninga i 2011 er sagt å vere den beste sålangt, og alt ligg til rette for at årets oppsetjing vil fortsetje utviklinga. Vikingane seglar for tida ei ny triumfferd over verda gjennom seriar som Game of Thrones, og sist den britiske storsatsinga ‘Vikings’, som set fokus på dramaet då ei ny tru og nye tider møter vikingane. I Dragseidspelet når denne spenninga klimakset når kong Olav Tryggvason gir vikingar frå fire fylke sitt ultimatum: Ta den nye trua eller dø for sverdet. Ein vikinglandsby med ein livleg marknad, bygd midt i det mektige landskapet ute ved storhavet, skapar rammene for Dragseidspelet. Det heile kjem til live, i ei reise i tid og historie. Meir informasjon? Sjå www.dragseidspelet.no eller ta kontakt med
Margit Fløde, leiar for arrangør Stadlandet Ungdomslag. Tlf: 90994614. Dragseidspelet "På Sverdeggja" er eit frilufsspel med bakgrunn i Kong Olav Tryggvasson si kristning av fire fylke, som i følgje historia skal ha funne stad på Dragseidet på Stadlandet i år 997. Spelet er skrive av Rolf Losnegård og vart for første gong presentert ved det storstilte 1000års-jubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter sagnet skal ha funne stad. Rundt 8000 menneske såg jubileums-forestillingane, som vart opna av Hans Majestet Kong Harald. Sidan jubiléet i ’97 har Dragseidspelet blitt synt ti gongar, og årets framsyning blir dermed den ellevte gongen for spelet i havgapet. Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga. Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd i heftige kampscener til vâr og kjensler.

28/05/2023

Heftige scener i årets Dragseidspel!!!

På tinget på Dragseidet anno 997....
28/05/2023

På tinget på Dragseidet anno 997....

28/05/2023

....og vi trur publikum fekk igjen for turen på Dragseidet i dag....!!!

Publikum kom...og kom...og kom...på dagens framsyning av dramaet "På Sverdeggja"!!!
28/05/2023

Publikum kom...og kom...og kom...på dagens framsyning av dramaet "På Sverdeggja"!!!

27/05/2023

Trass kuling og regn: kjempegod framføring i dag!!! Til dokke som kjem i morgon ( i langt betre ver!): DE HAR MYKJE Å GLE DOKKE TIL!!!😀

No nærmar det seg framføring på Dragseidet!😊 Her er nokre bilde frå øvinga onsdag.Det er kanskje ikkje dei aller beste v...
25/05/2023

No nærmar det seg framføring på Dragseidet!😊 Her er nokre bilde frå øvinga onsdag.

Det er kanskje ikkje dei aller beste vermeldingane, men desse folka spelar like godt uansett ver....så då håpar vi at du som publikum ikkje skuffar dei, men kler deg etter veret, og møter fram!😃

Nokre glimt frå øvinga berre dagar før framføringa ...som er komande laurdag og søndag.😊
23/05/2023

Nokre glimt frå øvinga berre dagar før framføringa ...som er komande laurdag og søndag.😊

23/05/2023
Vi minner om datoane for framføringa av spelet: laurdag 27. og søndag 28. mai.....med eit minne frå mange år attende.......
10/05/2023

Vi minner om datoane for framføringa av spelet: laurdag 27. og søndag 28. mai.....med eit minne frå mange år attende....😊

No er brua ordna, så det er berre å komme på spelet i pinsa!😉
08/05/2023

No er brua ordna, så det er berre å komme på spelet i pinsa!😉

Nokre glimt frå øvingshelga 28.-30. april
07/05/2023

Nokre glimt frå øvingshelga 28.-30. april

Ti personar står klare til å sminke aktørane til Dragseidspelet i pinsa. Her er glimt frå kurs i mars med June Olsen frå...
15/04/2023

Ti personar står klare til å sminke aktørane til Dragseidspelet i pinsa. Her er glimt frå kurs i mars med June Olsen frå Bergen -- der dei fekk grundig innføring i korleis sminke til eit utandørs teater.

Tek du utfordringa? Endeleg vert det Dragseidspel igjen -- 27. og 28. mai 2023. Talerollene er stort sett i boks, men el...
18/01/2023

Tek du utfordringa? Endeleg vert det Dragseidspel igjen -- 27. og 28. mai 2023. Talerollene er stort sett i boks, men elles treng vi fleire skodespelarar i alle aldre til ulike roller. Ta kontakt snarast med Gudveig Fure Oksholen (tlf. 93453655) eller Margit Fløde (tlf. 90994614) om du kunne tenke deg å vere med. Dette blir gøy!

Del gjerne!

Vinterkvile...i påvente ny framføring  pinsa 2023...God Jul!
15/12/2022

Vinterkvile...i påvente ny framføring pinsa 2023...God Jul!

Denne pinsa (2022) blir det ikkje spel på Dragseidet. Neste framsyning av Dragseidspelet "På Sverdeggja" blir i pinsa 20...
03/06/2022

Denne pinsa (2022) blir det ikkje spel på Dragseidet. Neste framsyning av Dragseidspelet "På Sverdeggja" blir i pinsa 2023 : 27.- 28. mai.

Adresse

Stadlandet
Stadlandet
6750

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dragseidspelet - 'På Sverdeggja' legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Videoer

Del


Kan hende du også liker