Bruredrakt frå Øvre Valdres

Bruredrakt frå Øvre Valdres Vil du gifte deg i bruredrakt? Kontakt:
Vang Bygdekvinnelag v/ Kirsten Kvam
Vang Bunadsaum v/ Berit Vidme Originalen er utstilt på Valdres Folkemuseum.
(1)

Bygdekvinnelag leiger ut drakta komplett og har bunadsylv, ulike liv, bringedukar, forkle og silketørkle, og stakkar i ulike storleikar. Bruredrakt frå Vang i Valdres er rekonstruert etter ide og initiativ frå Vang Bygdekvinnelag. Bruredrakta tilhøyrer same tidsepoke som ”Bringedukdrakta frå Øvre Valdres.” Denne drakttradisjonen var vanleg i distriktet fram mot midten av 1800-talet. Bruredrakta be

står av
• Bru’rull (hodepynt)
• Hærasylv (aksleklede)
• Sylvbelte med kyrkjemotiv
• Bringedukdrakt med raud brurestakk
• Raud trøye med trøyelekkje

Det er to bru’rullar:
Båe bru’rullane kjem frå Vang. Den ”brura” har på, er rekonstruert etter ein original på Valdres Folkemuseum. Bru’rullen i monteren er rekonstruert etter ein original som i dag er på Norsk Folkemuseum, men som kom til Universitetes Oldsaksamling i 1865. Arbeidet med bruredrakta vart påbyrja i 1991. Drakta vart brukt fyrste gong i 1992, men var ferdig i 1994. Bunadtilverkar Berit Olga Vidme ved Vang Bunadsaum har rekonstruert bruredrakta og båe bru’rullane så nært opp til originalen som mogleg. Sylvsmed Inger Norunn Solhaug ved Høvda Verkstad har kopiert alt sylvet på bruredrakta og tilbehøret nøyaktig etter det originale materialet. Kontakt:
Vang Bygdekvinnelag v/ G**o Råheim Kvam
99091187 / [email protected]

Vang Bunadsaum v/ Berit Vidme
61367037 / 41560759 /[email protected]

Adresse

Kvamsronvegen 5

Telefon

+4799091187

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bruredrakt frå Øvre Valdres legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bruredrakt frå Øvre Valdres:

Del


Kan hende du også liker