Høllènn I.L.

  • Home
  • Høllènn I.L.

Høllènn I.L. Idrettslag som fremjar gode opplevingar for store og små på Lifjell. Arrangør av påskas vakraste eventyr, Hollane skifestival!

Da V-stil var "Slarkemaaden""Enhver vil vel have lagt Mærke til, at en stor Del af vore Skiløbere skrævende farer ud ove...
18/05/2024

Da V-stil var "Slarkemaaden"

"Enhver vil vel have lagt Mærke til, at en stor Del af vore Skiløbere skrævende farer ud over Hoppet med Skispidserne tilveir og Skienes Bagender hængende. Man siger i Telemarken om en slig Skiløber, at han "slarker" og dette ansees for en saa stor Feil, at den som gjør sig skyldig heri simpelthen diskvalificeres"

Slik omtalar Fritz Huitfeldt (1851-1938) tidlege tilløp til V-stil i 1908. At Jan Boklöv fann opp "V-stilen" på 1980-talet, er nemleg ei sanning med visse modifikasjonar. Stilen oppstod ikkje frå lause lufta, men blei med svensken bevisst reindyrka. Hoppvekevinnar Torgeir Brandtzæg fekk alt på 1960-talet klar melding om å samle skia, medan den polske hopparen Mirosław Graf bruka V-stil etter å ha fått ei ankelskade i 1969. Graf oppdaga at han hoppa lengre med den improviserte skiføringa, sjølv om trenarane hans iherdig forsøkte å avlære teknikken og dommarane straffa han hardt for styggeleg stil. I boka «Skiløbning i text og billeder» frå 1908 tek Fritz Huitfeldt eit knallhardt oppgjer mot slik skiføring og konkluderer vemodig at ein har "ikke kunnet undgaa at bemærke Utvæxterne, som mer og mer har gjort sig gjældene, eftersom Tilslutningen har voxet". Huitfeldt gjer lesaren merksam på at telemarkingane, som han held fram som dei mest «stilriktige» hopparane, kallar slik skiføring «Slarkemaaden». I den rikt illustrerte boka blir for øvrig Skarphedin-hoppar Clas Borgen bruka som modell på god stil.

I april i år landa den japanske hopparen Ryōyū Kobayashi eit hopp på 291 meter med «Slarkemaaden» i ein bakke på Island, 250 meter lengre enn verdsrekorden var i 1908. Men kva gamle Huitfeldt ville sagt om kjempehoppet, får me diverre aldri vite.

På Hollane skifestival får du både sjå både «Slarkemaaden» og lokale stilvariantar av ulikt slag. Me sjåast på Hollane seter om 332 dagar til Hollane skifestival 2025!

01/04/2024

Arne Scheie seier takk for i år‼️😄 Samstundes har han allereie vendt blikket mot neste skifestival inne på Hollane!😊

Te tross for rufsevêr tok opp mot 300 teskodarar og hopparar turen inn te Hollane seter! Weaslene køyrde på gjennom tåkelaget som låg i høgfjellet og fekk frakta skodelystne trygt inn te fjells🚂 Samstundes må me seie at me e imponera av dei som nytta skia innover fjellet, heilt rått!⛷
Over 40 påmelde hopparar gauv laus på Hollenbakken med fleire interessante utfal. Tusen takk te elle dei djerve hoppararne! Elles var festivalen prega av god stemning frå start te slutt, dette te tross for at noko av underhaldninga vart avlyst på grunn av vêr!😁

Me nyttar høvet te å takke sponsorane kånns: Systemblokk, MITEK, Haugerud Regnskapskontor As, Sport 1 Glexe, Rema 1000 Lundevegen, Mobile Bø, Hellestad Sandtak As og Forberg Bilpleie!☺️

Me i Høllènn I.L. e særs nøgd med arrangementet, og gler kånn te neste års hending!😁 Tusen takk te elle som bidreg te å gjere dette te påskas vakraste eventyr!😄😄

Sjåast da vel!😎

Hjarteleg takk te elle som tok turen og gjorde Hollane skifestival 2024 te ein suksess! 😁😁Her e eit biletedryss frå laur...
24/03/2024

Hjarteleg takk te elle som tok turen og gjorde Hollane skifestival 2024 te ein suksess! 😁😁

Her e eit biletedryss frå laurdagen, kos dykk! 😎☺️

PS: Me kjem tebake med fleire bilete og videoer frå påskas vakraste eventyr! 😲😄

Intervjua på NRK P1! Følg med mellom kl 15-16 😃Her ere kjempestemning og me trur at me har hatt 300 personer innom 😍
23/03/2024

Intervjua på NRK P1! Følg med mellom kl 15-16 😃

Her ere kjempestemning og me trur at me har hatt 300 personer innom 😍

23/03/2024

Det rigges! Hoppet e klart og folk kjem med weasel og ski!😁

‼️ Viktig melding ‼️ Værmelding: Den største utfordringa blir truleg tåka. Naturligvis heilt trygt å ta weasel, men vær ...
22/03/2024

‼️ Viktig melding ‼️

Værmelding: Den største utfordringa blir truleg tåka. Naturligvis heilt trygt å ta weasel, men vær veldig forsiktig hvis du skal gå på ski👊

Skitur: Alle som går inn MÅ laste ned ut.no appen. Bruk eiget eller vedlagt kart i tillegg og sammenlign gps posisjonen med kartet. NB: Appen viser ikkje skiløyper, men bare sommerløyper.

På festivalen har me iverksatt mange tiltak hvis det er tjukk tåke og røde kors stiller mannsterke 🙂

Bekledning på festival: Skallbekledning/ boblebukse er MYKJE bære enn skiklær. Klær tåler litt fukt kan også være kjekt å ha.
NB: På Høllénn ere ofte lunt, og me har au laga te stor levegg.

Bilete 1 og 2 viser hårr skiløypa gjeng (tjukk rau tusj)

Høllènn I.L. har kommi inn te setra og gler kånn te i morgo! Me e klare!😁😁

‼️ Sal av lodd og merch 😁Under festivalen vil det vere moglegheit å kaupe seg lodd. Her kan ein vinne flotte premier, bl...
21/03/2024

‼️ Sal av lodd og merch 😁

Under festivalen vil det vere moglegheit å kaupe seg lodd. Her kan ein vinne flotte premier, blant anna overnatting på Lifjellstua 😲😄

Eit lodd koster 20 kronur. Ta jønne med litt cash, seia det berre e inne på kafeen ein kan betale med kort💵 Det e heller ikkje dekning for gvipps

Elles kan ein au skaffe seg Høllènn-merch. Nytt for året e eit heilt ferskt design på t-skjurtune 😎🤠 Sjå bilete for full oversikt ☺️

Elle kronasjune gjeng te arrangering av Hollane skifestival!😊

Me er heldige at så mange ynskjer å bidra te folkefesten inne på Hollane seter år etter år! Utan dekkan hadde me ikkje f...
20/03/2024

Me er heldige at så mange ynskjer å bidra te folkefesten inne på Hollane seter år etter år! Utan dekkan hadde me ikkje fått te å halde skifestival 9 km inne på Lifjell! Tusen takk!☺️😁

Me e utruleg klare te laurdagen!😄😎

16/03/2024

‼️ Ei veke te Hollane skifestival 2024 😁

Me gleder kånn stort te neste laurdag, og i den anledning har me grava litt i Høllènnarkivet! I videoen kan ein høyre Einar Gerhardsen kommentere det han såg mest fram te då han var innom prototypen te Hollane skifestival ein påske på tidleg 1960-talet. Gerhardsen vart for øvrig losa innover fjellheimen av leiar i Høllènn I.L. på den tia, Hellek Høllènn.

"Hopprenn på Hollane, det blir stort!" - Arne Scheie

"En ser jo mye fin idrett her" - Einar Gerhardsen

Sjåast laurdag 23. mars! ☺️☺️

Høllènn I.L. arrangerer festival i fjellheimen med desse måla:1) Me ynskjer at fleire skal benytte seg av Hollane seter ...
14/03/2024

Høllènn I.L. arrangerer festival i fjellheimen med desse måla:

1) Me ynskjer at fleire skal benytte seg av Hollane seter og Lifjell 😁😁
Tenk at me har ein slik nærleik te høgfjellet og herlege naturopplevingar, detta må utnyttas! Hollane e for mange av kånn sjølve indrefilet av Lifjell, som har eit fantastisk tilbod med overnatting og utsal.

2) Me brenner for skileik og skihopping ⛷😄
Telemark og Bø har rike tradisjonar innan skihopping som me ynskjer å heidre. Skileik og skihopp gjeng hand i hand, og me vil fremje skileik for store og små.

3) Sosialt arrangement 😎😊
Bøheringar og utombygdingar i alle fasongar møtas midt i fjellheimen. Her er inga krav til deltaking; både hoppar og publikummar har like store føresetnadar for å gå heimatt med eit smil om munnen og ei god oppleving rikare ☺️

Takk til Rema 1000 Lundevegen som bidra til at Høllénn I.L Jr hadde to fantastiske dagar på setra i helga. I den nye mas...
13/03/2024

Takk til Rema 1000 Lundevegen som bidra til at Høllénn I.L Jr hadde to fantastiske dagar på setra i helga. I den nye maskina til Nils Arne Folkestad var det god plass og reine luksusen innover fjellet. På Hollane fekk barna herje i snoen i timesvis og teste egne grenser.

Me var ikkje akkurat heldig med været, men det brydde dei 16 ungane seg lite om. Takk til alle dom 12 pappaene som tok turen :)

Tidlegare pallplasseringar😃Høllènn I.L. er stolte av bredda når det kjem te hoppararar som har bestige pallen i løpet av...
11/03/2024

Tidlegare pallplasseringar😃

Høllènn I.L. er stolte av bredda når det kjem te hoppararar som har bestige pallen i løpet av Hollane Skifestival si historie!😊👊 Her er biletekavalkade frå elle festivalene, kos dykk!😄

Me presenterer hopplaget Slåttabakkane!😁 Eit tradisjonsrikt lag som kan skimte med god historikk frå tevlingane under Ho...
10/03/2024

Me presenterer hopplaget Slåttabakkane!😁 Eit tradisjonsrikt lag som kan skimte med god historikk frå tevlingane under Hollane Skifestival👏👏

Frå særs ung alder startar Kleiv-karane frå Slåttabakkane hopptreninga si i sandtaket ved Eika med sjølvutvikla ski av furu (selvfølgeleg) som renn like godt på sand som sno. Løyndomen ligg i kombinasjonen av å bløytleggje skia i det sure Lifjell-vatnet som sildrar ned Juvsåa og ein patentert grus-slip😎🤠

Yngstemann, Knut Olav, har ved to høve kapra andreplassen under festivalen 🥈🥈 Ved djerv hopping, stilfulle svev og solide nedslag, har han grunnfesta sin posisjon blant dei fremre favorittane hjå bookmakerane😲😃
Etter fleirfaldige timar i Noregs ymse parkanlegg har eldstemann Kristian tileigna seg ein notorisk og imponerande kroppskontroll med ski på beina😄 Det er ein fryd å sjå han utfalde seg i hoppet, og i svevet ligg kroppen like stabilt som ein sommarsbeitande sau på Skubbelinuten ⛰️🐑

Elles er Kleiv-brørne kjende for sine kraftige nedslag, der dei nærmaste skodelystne må halde godt på luva si for å unngå at den bles rett av🌬🎩

Høllènn I.L. håpar at representantar frå Slåttabakkane blir nok ein gong å sjå langt nedover Hollanebakke under årets skifestval!😁😊

Høllénn I.L Jr har storkosa seg på Høllénn idag 😃Fullt hus, vill herjing i snoen, pysjur, nye bekjentskaper, wiesel, sjo...
09/03/2024

Høllénn I.L Jr har storkosa seg på Høllénn idag 😃

Fullt hus, vill herjing i snoen, pysjur, nye bekjentskaper, wiesel, sjokkis, skihopping, aking, skiskyting, høllénndisco, og generelt god stemning frå ankomst til leggetid ⛷️

Hopparklede😁👕👖🧣Som elltid på Hollane Skifestival så set me pris på antrekkmangfoldet på hopparane kånns. Frå det tradisj...
07/03/2024

Hopparklede😁👕👖🧣

Som elltid på Hollane Skifestival så set me pris på antrekkmangfoldet på hopparane kånns. Frå det tradisjonelle og klassiske til det meir dristige og innovative, alle antrekk og stilar e velkomne og er med på å fargelegge festivalen!😄😄

Med vedlagte bilete håpar me hopparane finn inspirasjon i sitt val av hoppklede😊

‼️ Beste hopparantrekk vil bli premiera😮😎

Hoppstilar i elle fasongar!😁😁Hollane Skifestival e ein arena for både dei tradisjonelle og dei meir oppfinnsame stilane....
01/03/2024

Hoppstilar i elle fasongar!😁😁

Hollane Skifestival e ein arena for både dei tradisjonelle og dei meir oppfinnsame stilane. Det e fascinerande å sjå uttrykksmangfaldet hopparane nyttar på ferda nedover bakken. Kos dekkan med eit filtrert utval frå tidlegare festivalar, utdjupande tekst på kvart bilete!😊😊

Me har blitt kontakta av Grenland Fallskjermklubb, og dom har eit særs spenstig tebod å komme med!😁😁“Vil du ankomme Holl...
27/02/2024

Me har blitt kontakta av Grenland Fallskjermklubb, og dom har eit særs spenstig tebod å komme med!😁😁

“Vil du ankomme Hollane Skifestival på en spektakulær måte? Eller er det lenge siden du har gjort noe gøy/utfordrende? I år lørdag 23. mars kommer Grenland Fallskjermklubb til å ankomme i Fallskjerm! 😎🪂

I den anledning har vi den råeste muligheten for én heldig deltaker som tenker seg til Hollane Skifestival 2024!😁 Vi i Grenland Fallskjermklubb elsker folkeliv og ønsker å ta med èn passasjer sammen med oss i flyet, der han/ho får Norges råeste opplevelse! Nemlig å hoppe fallskjerm over indrefilet av Lifjell, med utsikt over vakre Telemark! 😄

Hoppet gjøres av svært profesjonelle instruktører som passer på din sikkerhet under hele opplevelsen. På toppen av det hele kommer vi til å filme fallskjermhoppet som vedkommende får tilsendt på Mail, som man fritt kan dele hvis ønskelig 📹😄

Prisen på denne opplevelsen ink video: 8999.-
Merk:
-Hvis værbilde tilsier at hoppet ikke kan gjennomføres, belastes heller ikke tandempassasjeren.
-Kreves normal allmenntilstand
-Alle aldre over 16 år er velkommen (Fra 16-18 år, underskrift/godkjennelse fra foresatte)
-Interesse og andre spørsmål kan rettes til Joachim Stølan, på Mailaddresse: [email protected]

😁🪂😁

Kjempesuksess i Krinto!😁Omlag 150 mennesje tok turen te dagens arrangement på Lifjell. Me e imponert over hå mange blide...
24/02/2024

Kjempesuksess i Krinto!😁

Omlag 150 mennesje tok turen te dagens arrangement på Lifjell. Me e imponert over hå mange blide og sporty familiar som stilte opp å laga ein vinter-idyllisk atmosfære i fjellet idag. Folk va enige i at det va fantastisk å kunne tilbringe dagen ute, tross tåkutt vær.

Heile 21 hopparar i alderen 2-45år deltok i arrangementet idag. Vinnaren av hopprennet blei Vetle Porsholt Hvamb. Gratulerer 🥇

Takk til Nils-andre Folkestad som preppa anlegget, til Barnas Turlag Midt-Telemark for kreativ aktivitetsløype og takk til Sparebanken DIN Telemark for premiar.

Skileik, uansett vær, e tingen!

Vh Høllénn I.L sin junioravdeling

24/02/2024

Personleg helsing ‼️😁🤩

Noregs folkekjære sportskommentator, Arne Scheie, tok kånn imot heime hos seg for ein prat☺️ 😁Scheie, som har kommentera skihopp gjennom 40 år, vart ivrig som ein ungfole då han byrja å leggje ut om historiske hendingar innanfor hoppsporten her i Noreg. Me e umåteleg takksame for gjestfridomen me vart vist! Stor stas for Høllènn I.L.😄😄

Me i Høllènn I.L. ynskjer elle ein fin siste vinterferiehelg!😁😁 Her e nokre bilete frå gode minner frå Hollane!😊Dom to s...
23/02/2024

Me i Høllènn I.L. ynskjer elle ein fin siste vinterferiehelg!😁😁 Her e nokre bilete frå gode minner frå Hollane!😊

Dom to siste bileta e ikkje frå Hollane, men e frå eit anna stasleg besøk. Følg med i morgo for å få greie på håkken me har fått helsing frå!😮😎

Utsal på LIFJELLSTUA ‼️😁😁Her kjem det eit varsel om nye dessertar på Lifjellstua😋 Nå e det mogleg å VIPPSe med seg diver...
20/02/2024

Utsal på LIFJELLSTUA ‼️😁😁

Her kjem det eit varsel om nye dessertar på Lifjellstua😋 Nå e det mogleg å VIPPSe med seg diverse Høllènn I.L-produkt, både caps, buff og eit par veggplakatar stenn på menyen😎 Takk te Lifjellstua færr hyggeleg samarbeid!☺️☺️

Me e utruleg takksame for dom lokale bedriftane som sponsar kånn😊 Dei e eit viktig bidrag til gjennomføringa av Hollane ...
18/02/2024

Me e utruleg takksame for dom lokale bedriftane som sponsar kånn😊 Dei e eit viktig bidrag til gjennomføringa av Hollane Skifestival kvar påske! Tusen hjartleg takk!😁😁

Sport 1 Glexe - Systemblokk - REMA 1000 Skogen - MITEK - Haugerud Regnskapskontor As - Hellestad Sandtak As

Jønnbubakken 😃Det var fleire snøfattige vintrar på 1950-talet. I ei tid utan kunstsnø og snøkanonar skapte dette utfordr...
12/02/2024

Jønnbubakken 😃

Det var fleire snøfattige vintrar på 1950-talet. I ei tid utan kunstsnø og snøkanonar skapte dette utfordringar for det som den gong var eit stort og aktivt hoppmiljø i Telemark. I 1955 blei det i regi av Skarphedin bygd ein liten hoppbakke på Jønnbu som låg nedetter Jønnbulia, ikkje langt frå dagens skitrekk i Vinterland. På toppen av ovarennet blei det bygd eit mindre stillas som ein skimtar i bakgrunnen i biletet av Lifjellhytta/Lifjellstua under. Bakken blei seinare utvida i 1957 med storleik på kring 40 meter.

Mange klubbar frå Nedre Telemark, der det var kleine snøforhold desse åra, tok i bruk bakken til treningssamlingar med overnatting på Lifjellstua. Det blei også arrangert kretsrenn i bakken. I eit intervju med Varden i 1957 omtala Knut A. Moland, ein av «generalane» i hoppmiljøet på Sørlandet, Lifjell som "Et ønskested [...] Det finns i alle fall ikke noe bedre sted i det sørlige Norge. For oss i Sone IV ligger det midt i sentrum med lett adkomst fra samtlige kretser.". Bakkerekorden i Jønnbubakken på 39,5 meter blei sett av Storm-hopparen Olav Solli under eit kretsrenn i 1960. Dette var truleg det siste større rennet som blei arrangert i Jønnbubakken. På 1960-talet blei vintrane betre og behovet for bakken mindre. Få år etter blei det bygd hytter i området der bakken låg.

Jønnbubakken er kanskje borte, men i 2017 blei fyrste utgåve av Hollane skifestival skipa. Med det oppstod ein ny hoppbakke på Lifjell - Høllènnkollen. Om ikkje 39,5 meter, satsar me på lange svev og hoppmoro i den komande festivalen 23.mars på Hollane seter. Ta turen!

09/02/2024
I helga har hopparar frå Høllènn IL vore på treningsleir i Holmestrand😎⛷️I den kjente Breimyrbakken tok karane K5-, K10-...
29/01/2024

I helga har hopparar frå Høllènn IL vore på treningsleir i Holmestrand😎⛷️

I den kjente Breimyrbakken tok karane K5-, K10- og K20-bakken med storm. Hopptreninga vart avslutta med ein konkurranse i K10-bakken. Her tok Lars Steinar Hefre sigeren framfor Torstein Hellestad og Torbjørn Sanden 🪙👏

Sjølv om ingen av hopparane hadde erfaring med å hoppe i ein "ekte" hoppbakke, drista alle seg ut i K20 bakken. Lengste hopp vart på 16,5m med telemarknedslag 😁

Takk for lånet Botne Skiklubb Hopp 😊😊

17/01/2024

Sleng meg FJØLLIMØLLOM‼️🔊🎶

UNDERHALDNINGA te årets festival byrjar å ta form! I år har me fått med kånn Barracuda Days inn te fjells, eit lokalt band med eit rocka uttrykk🤠🤩

Før den tid kan du få med deg Barracuda Days utgjevingkonsert fysstkommans laurdag 20.januar på The Bull Inn Events. Debutalbumet "Get Ready" skal spelas høgt og lenge, så ta turen. Høllènn I.L. anbefalar på det sterkaste!😁😁

RELEASE KONSERT MED BARRACUDA DAYS

JØSJUNAM!!!  Blomen gjekk heim i år 🏵️ Gruleg moro! Årets målblom, delt ut av Bø Mållag, gjekk te kånn🏵️  Styret I Høllè...
17/06/2022

JØSJUNAM!!! Blomen gjekk heim i år 🏵️ Gruleg moro!

Årets målblom, delt ut av Bø Mållag, gjekk te kånn🏵️ Styret I Høllènn I.L. samt mediateamet e uhorveleg færrnøgde og stolte med tildelinga av ein slik høgthengande pris, den desidert vakreste blomen me kunne fått 😃

Formidling av bødialekt og nynorsk e viktig færr kånn i Høllènn I.L., og difor e d ekstra stas med denna anerkjenninga. Me klappar ekstra høgt for dom 4-5 mennesja som skriver innlegg på Facebook og Instagram 😀🙌👏🙏

Foto: Gro B. Røiland/Bø blad

Høllénn I.L vonar at elle har ein framifrå god syttande mai! 😊🇧🇻🇧🇻😊
17/05/2022

Høllénn I.L vonar at elle har ein framifrå god syttande mai! 😊🇧🇻🇧🇻😊

Me har funne spor etter Hellek idag. I skuggeluva fann me eit dikt.Eg hadde satt meg tilrette på Meddagsnuten,men eg føl...
21/04/2022

Me har funne spor etter Hellek idag. I skuggeluva fann me eit dikt.

Eg hadde satt meg tilrette på Meddagsnuten,
men eg følte meg fort som den stuten..
Då eg ikkje kunne høyre DJ Stølan's musikk,
og ikkje kunne sjå einaste snokubikk.

Eg treng ei pause og må komma meg vekk,
Eg skaut eit par jåsåar og pakka min sekk.
Gjønne te ein plass der snoen ikkje e tint,
kanskje Haukeli ved telemarksgrensa e fint.

Address


Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Høllènn I.L. posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Videos

Shortcuts

  • Address
  • Alerts
  • Videos
  • Claim ownership or report listing
  • Want your business to be the top-listed Event Planning Service?

Share

Historisk oversikt

Høllènn I.L. er eit idrettslag som soknar til Bø. Skihopping har tradisjonelt vore viktigaste idretten i laget, og soga kan sporast heilt attende til 1899. Laget har skipa Hollane skifestival sidan 2017.

Historisk tidsline (1899-2017)

- Vinteren 1899 blir I.L. Høllènn skipa av husmannen Tyge Sleivtjønn. Sleivtjønn hadde vorte ekskludert frå Skarphedin I.L. grunna ufin skiføring. Me veit nå, same kva Jan Boklöv seier, at Sleivtjønn var fyrste hoppar som reindyrka V-stilen. Han skipa så sitt eige lag og kalla det opp etter Hollane seter kor han var dreng kvar sumar.

- I 1905 emigrerte ein vonbroten Tyge Sleivtjønn til Dei sameinte statane i protest mot unionsoppløysinga med Sverige. Han var éin av 184 nordmenn som stemte mot unionsoppløysinga i 1905. Ljotolv Høllènn, far til den namngjetne idrettsmannen Hellek Høllènn, tok over. Høllènn-ætta stammar frå ein liten, bortgøymd plass i nærleiken av Hollane seter. Folk derifrå er kjent for å bli uvanleg gamle.