Hardangerbadet

Hardangerbadet Hardangerbadet er eit familievennleg badeanlegg lokalisert midt i Hardanger. Velkommen til oss!

💦 OPE BAD💦 Er de også klare for å bevega dykk ut av døra og finna på noko aktivt? Badet har kvilt seg i to dagar, og er ...
25/12/2024

💦 OPE BAD💦

Er de også klare for å bevega dykk ut av døra og finna på noko aktivt?

Badet har kvilt seg i to dagar, og er meir enn klar til å ta i mot besøk i romjula!

Terapibassenget er grunt i starten av opninga og passar difor perfekt for dei minste❤️

Me har ope kl. 11:00 - 18:00*
Opp av bassenga 17:30💦

Treningsrommet er ope kl. 06:00 - 22:00 kvar dag💪🏻

Ta fjerne turen innom oss! Me gledar oss til besøk av store og små❤️🥰

🎄 EI JULEHELSING🎄 Tusen takk for eit minnerikt år! De skapar kvardagen vår ❤️ Me set stor pris på alle oppmuntrande ord,...
24/12/2024

🎄 EI JULEHELSING🎄

Tusen takk for eit minnerikt år! De skapar kvardagen vår ❤️ Me set stor pris på alle oppmuntrande ord, gode smil, kjekke samtalar og støtte me har fått dette året!

Me ser verkjeleg fram til mange fleire opplevingar saman med dykk i det nye året som kjem🌟

-
-
💻 Annonse i HF

🎄🎅🏼 SISTE BADEDAG FØR JUL🎅🏼🎄 Siste sjanse til å bada før jul er i dag!👏🎅🏼 OG! Siste dag med moglegheit til å vinna årsko...
23/12/2024

🎄🎅🏼 SISTE BADEDAG FØR JUL🎅🏼🎄

Siste sjanse til å bada før jul er i dag!👏🎅🏼

OG! Siste dag med moglegheit til å vinna årskort og klippekort ved kjøp av enkeltbillett er i dag!

Badet er ope frå kl. 11:00 - 18:00*
* Opp av bassenga 30 min tidligare.

Me vil takka dykk for eit sosialt, morosamt og aktivt år!

Ynskjer dykk alle ei fredeleg og god jul!🌟

🎄‼️SJÅ HER ‼️🎄Hardangerbadet elskar jul! 🎅Me har difor laga spesialpakkar for dykk som er heima på ferie og som ynskjer ...
21/12/2024

🎄‼️SJÅ HER ‼️🎄

Hardangerbadet elskar jul! 🎅

Me har difor laga spesialpakkar for dykk som er heima på ferie og som ynskjer å trena, bada eller begge deler!

I tilbodet får du 14 dagar fri bruk av våre fasilitetar for kun kroner:

- Bading 499,- !
- Trening 299,- !
- Kombi 699,-!

Prisane gjeld alle aldrar - barn, ungdom, student, honnør eller vaksen 🥳🤩

Me håpar å sjå mange badeglade hjå oss i ferien!

💦 GOD PLASS I BADET💦 Tenkte du å bada i dag, men trudde det var fullt? Det er det ikkje! I dag er det god plass til å bo...
21/12/2024

💦 GOD PLASS I BADET💦

Tenkte du å bada i dag, men trudde det var fullt? Det er det ikkje!
I dag er det god plass til å boltra seg i badet!

Ta turen innom!❤️

🎄OPNINGSTID I JULA🎄Me har ferieopningstider i jula! Ope kl. 11:00 - 18:00 * * Opp av bassenga 30 min tidlegare 💦Hinderlø...
20/12/2024

🎄OPNINGSTID I JULA🎄

Me har ferieopningstider i jula!
Ope kl. 11:00 - 18:00 *
* Opp av bassenga 30 min tidlegare 💦

Hinderløypa er ute heile jula!

Me ser fram til å ta i mot dykk alle! 🥰

🎄ÅRETS SISTE TORSDAGSMENY🎄I morgon er årets siste torsdagsmeny og heildagsope i badet 🏊🏻‍♂️☕️ Me fristar med ein krema b...
18/12/2024

🎄ÅRETS SISTE TORSDAGSMENY🎄

I morgon er årets siste torsdagsmeny og heildagsope i badet 🏊🏻‍♂️☕️

Me fristar med ein krema brokkolisalat med bacon, brød og smør til lunsj 🤩
Denne kan også takast med som takeaway!

Badet er ope frå klokka 07:00💦
Kafeen er open frå klokka 10:00☕️

Me set på roleg julemusikk, tek fram peparkakene, og lovar mykje godt i kafeen!

Velkomen!🥰

❓ GJETTAR DU RIKTIG❓Hardangerbadet har to ynskjer på julegåvelista i år🎄Klarar du å gjetta kva apparat me ynskjer oss i ...
17/12/2024

❓ GJETTAR DU RIKTIG❓

Hardangerbadet har to ynskjer på julegåvelista i år🎄

Klarar du å gjetta kva apparat me ynskjer oss i kafeen vår?

Legg gjerne igjen ein kommentar om kva du trur det er👏

Me trekk ut nokre av de som kommenterar til gratis prøvesmaking når apparata er på plass🤩👏

💦 TERAPIBASSENG💦 Våre grupper mandag, onsdag og torsdagskveld er ferdig for dette året. Terapibassenget er difor mykje l...
16/12/2024

💦 TERAPIBASSENG💦

Våre grupper mandag, onsdag og torsdagskveld er ferdig for dette året. Terapibassenget er difor mykje ledig!

Velkomen inn til oss🏊🏻‍♂️

🌟 VINNAREN ER KÅRA🌟 Gratulera så mykje til Live Skeie Vik som vinnar av klippekort 6 klipp!🎈Gevinsten kan hentast i rese...
16/12/2024

🌟 VINNAREN ER KÅRA🌟

Gratulera så mykje til Live Skeie Vik som vinnar av klippekort 6 klipp!🎈

Gevinsten kan hentast i resepsjonen i Hardangerbadet!🎉

🎉🎈 PROGRAM FOR DAGEN🎈🎉Me håpar på fullt hus - både ute i kafeen og inne i badet!❤️ 🏊🏻‍♂️3.søndag i advent byr me på grat...
14/12/2024

🎉🎈 PROGRAM FOR DAGEN🎈🎉

Me håpar på fullt hus - både ute i kafeen og inne i badet!❤️ 🏊🏻‍♂️

3.søndag i advent byr me på gratis kake, peparkaker, kaffi og saft☕️🍰🎂
Du kan også trena gratis med instruktøren vår i terapibassenget!💪🏻 (krever påmelding).

OG! 50%!!!
- på alle enkeltbillettar denne dagen!💦

Kom akkurat som du er!❤️

-
-
-
📸 Annonse frå HF

🌧️ REGN REGN REGN🌧️Me ynskjer oss alle snø, ski på beina og skikkeleg julestemning🎄❄️Værgudane har ikkje same ynskje. Me...
13/12/2024

🌧️ REGN REGN REGN🌧️

Me ynskjer oss alle snø, ski på beina og skikkeleg julestemning🎄❄️
Værgudane har ikkje same ynskje.

Me forstår at det er vanskeleg å aktivisera borna i dette været, så me har tatt ut både hinderløypa og blåst opp ein del badedyr👏🤩

Ta med borna til oss, kos dykk med leik og morro! Raskaste gjennom hinderløypa? Fyrste opp klatreveggen?

Skjermfritt 📱💻 = kvalitetstid ❤️

12/12/2024

🎄 FÅ JULESTEMNING HJÅ OSS🎄

Me har pynta til jul ❤️ Bollar er i ovnen, vaflene er klare og kaffi på kanna ☕️

Symjarane og mosjonistane er på plass i badet💦

Kjem du?🥰

🌟INGUNNS PASTASALAT🌟 I morgon, 12.12.24, serverer me ein nydeleg kremet pastasalat til lunsj🤩 Den inneheld fullkornspast...
11/12/2024

🌟INGUNNS PASTASALAT🌟

I morgon, 12.12.24, serverer me ein nydeleg kremet pastasalat til lunsj🤩 Den inneheld fullkornspasta, skinke, erter, paprika, ost, mais og ein heimalaga dressing😊

Kva med å kombinera lunsjbesøket med eit deileg bad eller avslappande tid i badstova vår?🥰

Badet er ope kl. 07:00 - 20:30💦
Kafeen er open kl. 09:00 - 20:00☕️

Velkomen til Hardangerbadet❤️

‼️TIL INFORMASJON‼️ Me leiger ut terapibassenget til Kvam VGS sin breiddeidrettsklasse fyrstkomande torsdag, 12.12.24 kl...
10/12/2024

‼️TIL INFORMASJON‼️

Me leiger ut terapibassenget til Kvam VGS sin breiddeidrettsklasse fyrstkomande torsdag, 12.12.24 kl. 14:00 - 15:00. Der skal dei få trena saman med vår idrettspedagog 👏

Me håpar på forståelse, og at de vil nytta terapibassenget enten tidligare eller seinare på dagen💦 Sjå gjerne kalenderen på heimesidene våre for oppdatert informasjon 😊

❤️ GI TID I GÅVE❤️--📸Visit Hardangerfjord
08/12/2024

❤️ GI TID I GÅVE❤️

-
-
📸Visit Hardangerfjord

🌟SØTPOTET- OG GULROTSUPPE🌟Torsdagsmenyen denne veka vert ei deileg heimalaga søtpotet- og gulrotsuppe med rundstykke & s...
04/12/2024

🌟SØTPOTET- OG GULROTSUPPE🌟

Torsdagsmenyen denne veka vert ei deileg heimalaga søtpotet- og gulrotsuppe med rundstykke & smør til!🥰

Passar perfekt på ein regntung dag!🌧️

Kom innom oss for eit lunt måltid og ein hyggjeleg samtale❤️

-
-
-

‼️SJÅ HER‼️ I forbindelse med Hardangerbadet sitt 5-års jubileum føler me oss ekstra gavmilde👏🥰 Alle som kjøper ENKELTBI...
02/12/2024

‼️SJÅ HER‼️

I forbindelse med Hardangerbadet sitt 5-års jubileum føler me oss ekstra gavmilde👏🥰

Alle som kjøper ENKELTBILLETT INNGANG i Hardangerbadet i tidsrommet 3. desember - 23.desember er med i konkurransen om å vinna flotte premier🏆

1.premie: ÅRSKORT i Hardangerbadet 2025😱🤩
2.premier: KLIPPEKORT 12 klipp
3.premie: KLIPPEKORT 6 klipp

Kom innom! Kjøp enkeltbillett! Skriv namn og nummer på utlevert lapp frå resepsjonen! Legg den i glaskrukka!

Me trekkjer vinnarane i romjula!

Kanskje er det akkurat DU som vert den heldige vinnaren! 👏

Kom kom kom!💦🏊🏻‍♂️

Adresse

Hardangerfjordvegen 615
Øystese
5610

Åpningstider

Mandag 11:00 - 18:00
Torsdag 11:00 - 18:00
Fredag 11:00 - 18:00
Lørdag 11:00 - 18:00
Søndag 11:00 - 18:00

Telefon

+4790506436

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hardangerbadet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hardangerbadet:

Videoer

Del