Norsk Kystleir

Norsk Kystleir For skuleklassar (6.-10. og feiringar.

klasse, vidaregåande, folkehøgskular, høgskular) - For organisasjonar (4H, idrettslag, skulekorps etc.) - "Ungdom i medvind" for kommunar/bufdir) - For bedrifter (blåtur-seminar) - Storfamiliesamlingar - arr.

Sommarleir 2024 i Krokpollen. "Døgning"."Du skal ikkje sova burt sommarnatta".Vi innleia døgninga med burger og pølser. ...
10/07/2024

Sommarleir 2024 i Krokpollen. "Døgning".
"Du skal ikkje sova burt sommarnatta".

Vi innleia døgninga med burger og pølser. Lett oppvarming med ein film, før vi samlast i Krokaparken for "mission impossible", mørkegøymsel, volleyball, fotball, og bålbrenning.
Omlag halvparten av deltakarane tok seg ein dukkert før nattmat. Ein samba kl. 0600, og deretter kortspel.
Ein etter ein gjekk å la seg, medan den harde kjerne heldt det gåande. Vi droppa grålysnings- padling pga vind og bølgjer, og tok innandørs aktivitet i staden.
Du verda for ein gjeng, og for eit imponerande uthald.
No skal leiren vere i dvale til utpå ettermiddagen.

10/07/2024

Sommarleir kl. 0600: Samba "Brazil" i morgonsol.

10/07/2024

Sommarleir I Krokpollen kl.0500. Pluss 7 stk utanfor videoen.

10/07/2024

Sommarleir kl. 0420 i Krokaparken.

Norsk kystleir sin sommarleir 2024, dag 2/3.GOD STEMNING I KROKPOLLEN, Nordfjord sin hottaste utestad denne  sommarnatta...
09/07/2024

Norsk kystleir sin sommarleir 2024, dag 2/3.

GOD STEMNING I KROKPOLLEN, Nordfjord sin hottaste utestad denne sommarnatta !

* Morgongymnastikk.
* Fisketur med tradisjons-snekker.
* Båt-tur med:
- Lakseoppdrett.
- Tongane kystfort, alle til kanonene.
- Under Hornelen, Europa si høgste havklippe.
- Fjellformasjonen "Heksa i Hornelen", eller "Maria og Jesusbarnet". Sagnet til instruktør Roar Willumsen, fortel at elva som kjem ut under fjellformasjonen er heksepiss. Dei som får heksepiss på seg, eller drikk det, vert aldri meir sjuke. Mangt ein skal høyre...
- Olav Trygvasson, dronning Ingerid sin drapsstad, litt om helleristningane i Vingen-feltet, og litt om Noregs eldste handelsstad i Rugsund.
* Kajakk-gøymsel i Rugsund-kanalane.
* "Drive-in" med kajakk for grillpølse-servering.
* Stor badeøkt.
* 8-manns tube.
* Hamburger og pølse-servering.

I skrivande stund er det nattkino.
Resten av natta: Nattvolleyball, nattfotball, nattbad, nattmat, og grålysningspadling.
Opplevingane står i kø !
I morgon TEK VI IKKJE TELEFON før kl.1600 !

Det er svært god stemning i leiren, og 40 av 41 er innstilt på "døgning".
Vi dreg i gong ein samba i 4-5 tida, tenkjer eg...

Nyt glimta av gårsdagen under.

09/07/2024

Akkurat no... før køyring med 8-manns tube, og innleiing til døgning.

Ungdom i medvind avslutta 2 vekers ferieopphald i Krokpollen i dag.Siste dagane har vi segla til Eid, hatt surfing i Hod...
07/07/2024

Ungdom i medvind avslutta 2 vekers ferieopphald i Krokpollen i dag.

Siste dagane har vi segla til Eid, hatt surfing i Hoddevika, terrengsykla på Sandane, henta båt frå verkstad i Florø, henta snekke i Måløy, og henta fiskebåt i Deknepollen. Nokre solide arbeidskarar (ungdomar) har fått 2 gamle båtar i god bruksstand, og har nytta flo og fjære som båtslipp. På gamlemåten. Flinke gutar !

Vi har vore i Kalvåg, gått turløypa, besøkt Oddvar Torsheim-galleriet, og ete soft-is.
Vi har vore på strandfestival og konsert i Refvika, vore på freesbibana under Måløybrua, hatt forelesning om dykking, og fulgt 2 dykkerar si 47 minutts ferd frå overflata.
Fiska, padla, køyrd motorbåtar, og fulgt tube.
Aktive, gode dagar med lovande ungdomar.

Stor stas for oss å få besøk av tidlegare medlem i ungdom i medvind; Trym Hansen Skarshaug. Trym er no utdanna dykkar, og er i ferd med å bli marin biolog. Han har tidenes sommarjobb i Atlanterhavsparken i Ålesund, der han kyssar oterar, matar havål, torsk, breiflabb, steinbit, og vinkar til publikum frå akvarievindauga.
Vi er stolte over at Trym også er bidragsytar i Krokpollen.

Etter ein times pause, har vi no i kveld fått inn 40 nye deltakarar på Norsk kystleir.
No er det fullteikna sommarleir 2024.

Vi har hatt nokte svært innhaldsrike dagar med ungdomane våre. Firda Tidend si storslåtte 100-års jubileumsfeiring på Sa...
02/07/2024

Vi har hatt nokte svært innhaldsrike dagar med ungdomane våre. Firda Tidend si storslåtte 100-års jubileumsfeiring på Sandane fekk vi med oss i helga, saman med Måløydagane. Mannskapsbyte av ungdomar i Krokpollen søndag kveld, og no er vi både i Hoddevika på surfing, og på Eid med seglbåt, på same tid. Vi er gruppedelt, og byter om i morgon.

Cruiseskipet msc Euribia, med 6000 passasjerer, ligg på Eid i dag. Vi har plaga turistane med trekkspelmusikk, og observert cruiseturistar og kva dei gjer på.
I dag har ei røys med bussar (30 stk ?) frakta turistar til Briksdalen, og ei rekke andre bussar til andre destinasjonar. 2 x 12-manns Rib-båtar har gått ut og inn havna her i heile dag, full-lasta med turistar.
Sagastad og Myklebustskipet har hatt kø i heile dag. 1000-vis går ombord i skipet med bæreposar i hendene.
Dei har handla på Eid, langs heile strandgata, frå biltema til skipet, som ligg i andre enden av den lange gata.
Strikkajakker til 2000 kr, som nordmenn helst strikkar sjølve, vert rivne ut av suvenirbutikken på kaia. Sjølv skulle eg ha ein regnponcho, men eg gav opp den lange køen.
Turistane er heilt sikkert plagsomme for folk flest, der dei går gatelangs og hindrar trafikken, men du verda for ein virak, for ein trøkk, for ei pengemaskin vi har vore vitne til i dag.
"Cruiseturismen legg ikkje att pengar", seier dei i Gloppen. I beste fall løgn, sidrompa, og naivt.
Gratulerer Eid ! Du verda kva de har fått til på kort tid, med imponerande infrastruktur rundt det heile. MEN - Måløy sler dåkke ned i støvlane på cruise-underhaldning.

Tusen, tusen takk, og beklagar !Tusen takk til alle som har delt sommarleirplakaten vår her på FB. Det har vore ein fant...
29/06/2024

Tusen, tusen takk, og beklagar !

Tusen takk til alle som har delt sommarleirplakaten vår her på FB. Det har vore ein fantastisk respons. Tusen takk til kvar og ein av dykk.

Så må vi beklage til dei som ikkje fekk plass på årets leir. "Beklagar: Fullt !"

No gler vi oss til å ta imot ein skokk med ungdomar frå 7. juli, til gode dagar i Krokpollen.

I 2025 skal vi feire 25 års jubileum... Akkurat DET kjem vi tilbake til.

Selje - Selja kloster - og surfing i HoddevikVi kasta oss impulsivt rundt, medan vi hadde sol og sommar, og reiste til S...
28/06/2024

Selje - Selja kloster - og surfing i Hoddevik

Vi kasta oss impulsivt rundt, medan vi hadde sol og sommar, og reiste til Selje med seglbåten full av ungdomar.
Nydelig båt-tur til Selje onsdag, og på kvelden besøkte vi utrulege Selja kloster. Der studerte vi dei fenomenale klosterbygningane, som ser ut som dei er skorne med laser, for omlag 1000 år sidan... Utrulege byggverk !
Vi besøkte tilfluktshola til den irske kongsdattera, St.Sunniva, som kong Olav Trygvasson fann levningene av i år 996.
Spennande historie også for unge mennesker.

Torsdag reiste vi til Hoddevika, der 5 timar med surfing stod på programmet. Dei fleste ungdomane meistra det bra, og til og med gamlingen kom seg opp i kneståande.

Flott retur til Krokpollen torsdag kveld, utan seglføring... i vindstilla.

Denne helga vert det "ungdommens kulturmønstring", med både tur til Måløydagane og til Sandane og Firda Tidend sitt 100 års-jubileum.

Kjølsdalen !Er Kjølsdalen Nordfjord si mest aktive bygd ? For 2. gong har Kjølsdalen skulekorps vore i Krokpollen. 4h-gr...
27/06/2024

Kjølsdalen !

Er Kjølsdalen Nordfjord si mest aktive bygd ?

For 2. gong har Kjølsdalen skulekorps vore i Krokpollen. 4h-gruppa har vore her 15 gongar.
I fjor var skulekorpset sin årlege tur til "sommarland" i Bø i Telemark. I år vart det 5 dagar i Krokpollen. Altså stigning i programmet.

Heile 25 musikantar frå den vesle bygda heldt konsert på "Dampen" i Davik laurdag, der vi reiste med seglbåt. Thomas Hals drog fram fela, og det vart ulike variantar av hallingkast, som Davik og verda kanskje ikkje har opplevd før.

Dyktige musikantar utviste også brei kompetanse i både det maritime miljø, og i ei rekke idrettsaktivitetar i Krokaparken. Livet vert rikare når ein meistrar meir enn ein ting. Denne setninga bør idrettsleiarar lese 2 gongar, minst ! "Livet vert rikare når ein meistrar meir enn ein ting".

Foreldregruppa med sine dyktige leiarar, syter for at oppvekstkåra vert optimale i bygda.
Minst 10 foreldre var innom Krokpollen desse dagane for å jobbe og "serve" ungdomane på best mogleg måte. Dei organiserte, laga mat, rydda, vaska, dei deltok, og vi vonar dei fekk nyte litt også.

Dei sende også reportasje til Fjordenes Tidende (sjå bileta under).

Tusen takk for gode og innhaldsrike dagar saman med glade musikantar frå Kjølsdalen, med eit solid støtteapparat.

"Ut av kontoret !"Flott motto for ein kommunal etat som fryda seg i Krokpollen siste døgn.Vi trur dei naut både historis...
21/06/2024

"Ut av kontoret !"
Flott motto for ein kommunal etat som fryda seg i Krokpollen siste døgn.
Vi trur dei naut både historisk båtreise rundt Rugsundøy, god mat, naturvakre omgjevnader, og ikkje minst ragging i 8-manns-tube på Nordfjorden. Sporty gjeng, der alle hoppa opp i Krokpollen fornøyelsespark sin giga-tube.
Vi vonar opphaldet gav påfyll av ulikt slag, både individuelt og som arbeidsteam.
Tusen takk for besøket.

Kløveren 4H, Rygg i Gloppen. "Krokpollen - der dagen går seg til av seg sjølv = frihet !"18 deltakarar og 4 voksne leiar...
17/06/2024

Kløveren 4H, Rygg i Gloppen.

"Krokpollen - der dagen går seg til av seg sjølv = frihet !"

18 deltakarar og 4 voksne leiarar brukte helga si i Gloppen kommune sitt vestlegaste skatteparadis; Krokpollen.
Du verda for ein aktivitet og for ein trøkk, frå morgon til kveld.
Dei eldste deltakarane instruerte dei yngste, slik det har vore i alle stammesamfunn til alle tider. 4H er eit fantastisk stammesamfunn.

Dyktige voksne leiarar la til rette med god mat, rydding, vasking, inkludering, engasjement, og skapte eit triveleg miljø.
-Ei helg med mange inntrykk, sa ei mor.
- I eit klokkestyrt samfunn er det godt å nyte friheten og senke skuldrane, på ein stad der flo og fjære, ver og vind, set rammene for dagen.

Takk for besøket Kløveren 4h. Flott gjeng med mykje energi - det lovar godt for framtids-Gloppen.

"Sunningar" på maritim leirskule.SKEI og ÅMÅS skule camperte saman i Krokpollen denne veka. 2 flotte gjengar som utvikla...
14/06/2024

"Sunningar" på maritim leirskule.
SKEI og ÅMÅS skule camperte saman i Krokpollen denne veka. 2 flotte gjengar som utvikla gode sosiale bindingar mellom Sunnfjord og Sunnmøre. "Sunningar" kan vi kanskje kalle dei.
Vonar dei fekk gode og varierte, meistrande og lærande dagar på Norsk kystleir.
"Eg kunne gjerne vore her ein månad", sa ei jente då avskjedstimen var komen.
Takk for gode leirdagar saman med dåkke ! Helsing Roar, Britt, og Magnus.

14/06/2024

Jakob Assersen Ingebrigtsen med ny fan-klubb.

Elevane frå Skei og Åmås skule sparte ikkje på stemma i innspurten på 1500 m., då Jakob tok sin 6. EM-tittel i Roma.
Høyr den elleville stemninga i Krokpollen.

Vemmelsvika !2 samlingshelgar med ungdomane "våre" er gjennomført, og denne helga besøkte vi bl.a. krigsminna i Vemmelsv...
09/06/2024

Vemmelsvika !

2 samlingshelgar med ungdomane "våre" er gjennomført, og denne helga besøkte vi bl.a. krigsminna i Vemmelsvika.
Eit stort arbeid er nedlagt sidan sist vi var der, med bl.a. skogrydding og restaurering av ei gamal kanon.
Vemmelsvik vart eit hovedkvarter for tyskarane under 2. verdskrig, er ukjent for dei fleste, men vel verdt eit besøk. Avkøyrsle mot Almenningen i Kinn kommune (mot Måløy).
Forøvrig ei våt helg, og då kunne vi like godt bade, fiske, køyre båt, og sitte i 8-manns-tube.

Det var spesielt for oss, og svært gledeleg, at heile 5 tidlegare deltakarar i "ungdom i medvind" var med oss denne helga. DET tek vi til oss ! Glad i dåkke.

Takk for 2 flotte helgar !

Skram skole, Måløy, på aktivitetsdag med sjøsprøyt i Krokpollen. Sol og regn vekselsvis, vind og litt bølger. Det stoppa...
03/06/2024

Skram skole, Måløy, på aktivitetsdag med sjøsprøyt i Krokpollen.

Sol og regn vekselsvis, vind og litt bølger. Det stoppa likevel ikkje elevane frå Måløy mandag. Her vart det full "action" med kajakkpadling i mot- og medvind, og tubekøyring innanskjærs. Vi torde oss ikkje ut i Nordfjordbølgene denne dagen.
Dei 45 elevane fekk nokre våte timar i saltvatn, iført våtdrakter, og med pølsefest til slutt.
Vi er glad vi ikkje segla i vindkasta, at vi ikkje hadde robåtar ute av kurs, ikkje sup-brett drivande i fjæra, og ikkje hadde påhengsmotorar i drift mellom beina til badande.

Vonar dei fekk ein bra dag. Seinare på dag vart det sterkare vind, større bølger, og eit snev av haglbyer 3. Juni, 2024.
Det er svært kjekt for oss å få naboskular på besøk. Det er mange, mange år sidan Skram skole var på besøk i Krokpollen, så dette var stas.

Tusen takk til Breim pensjonistlag, for god omtale og reportasje i Firda Tidend. Det var ei stor, stor glede å ha dåkke ...
31/05/2024

Tusen takk til Breim pensjonistlag, for god omtale og reportasje i Firda Tidend.
Det var ei stor, stor glede å ha dåkke på besøk !

Heilt rått - nok ein gong.Ørsta ungdomsskule med klasse 9e og 9f i Krokpollen denne veka. 40 stk. Framifrå gjeng også de...
29/05/2024

Heilt rått - nok ein gong.

Ørsta ungdomsskule med klasse 9e og 9f i Krokpollen denne veka. 40 stk. Framifrå gjeng også denne veka. 3. veka på rad.
Maritime aktivitetar i alle variantar, historietur rundt Rugsundøy, fryd, glede, gode dagar, og svært god mat.
Veret var ikkje på høgde med dei siste vekene, men det la ingen dempar på innsatsen frå elevane. Veret var godt nok.
Fleire bileter og videoar kjem, der mykje IKKJE kan opplevast 2 gongar i livet.
Elevane reiser heim i morgon, med bagasjen proppa av nye ferdigheite, nye opplevingar, nye steg i meistringsstigen, ny kunnskap, nye sosiale relasjonar, og nokre "ut av seg sjølv"-opplevingar. Heilt rått !
I kveld er det festmiddag, seremoni og adling for konfirmantar, allsong LANGT over grensa, og høg partyfaktor.

Celebert besøk i Krokpollen !For ein flott dag, for ein flott gjeng, og for eit celebert besøk. Dette hadde vi gleda oss...
21/05/2024

Celebert besøk i Krokpollen !

For ein flott dag, for ein flott gjeng, og for eit celebert besøk.
Dette hadde vi gleda oss til lenge.

Det var ikkje Harald og Sonja som kom, men Breim pensjonistlag. 37 menn og kvinner.
Dei er celebre gjester fordi dei har greidd sjølve livet, med jobb, slit, og utfordringar - og dei har klart seg godt.
Visdom og klokskap kjem mest med livserfaring, ikkje kunnskap åleine. Dette er ei gruppe som fortener stor respekt.

I tillegg var dette Breimningar. Sambygdingar. Det er ekstra stas for oss, som er Gloppen sin vestlegaste utpost, så meir celebert blir det ikkje.

Nokre skavankar har det blitt opp gjennom åra, og litt hjelpemiddel er teke i bruk for nokre av dei.
Trekkfoten, bakfoten, eller siste foten over båtripa, var ei utfordring for nokre, men det er ikkje sikkert Karsten Warholm vil gjere det betre når han kjem opp i 70 og 80-åra.

I Krokpollen fekk dei informasjon om korleis, kvifor, og kva staden vert brukt til. Kvifor ein Breimning hamna der. Om historia og fortida til Krokpollen, om prinsippet om å invitere framfor å privatisere, og om Krokpollen som eit allmenn-nyttig formål, i privat regi.

Krokpollen som naturperle og idyll, som arena for terapi, eller som arena for full trøkk, sa vi ingenting om. Det opplevde dei sjølve, og forstod og tenkte nok dei djupare verdiane av Krokpollen kvar for seg.

Etter Britt si fiskesuppe, og eit flott bordsete, vart det båttur til Rugsund handelsstad, gjennom sjølve Rugsundet, og til brua med 15 meters høgd. Vi har mastetoppen 22 meter over vannlina, og fann det derfor tryggast å snu, så vi ikkje skada brua...

10 stk reiste med hurtiggåande båt, og fekk ein tur innunder Europas høgste havklippe, Hornelen, som ragar 860 meter over havet. "Heksa i Hornelen", og det nye via- ferrata-tilbodet, fekk ein i nært augesyn.

Kjekt å høyre Breimningane diskutere kvar Gudrun, Hildur, og Magne Strømmen kom i frå. Kvar er Olsbø ? Svigerinna til Oddlaug Gåsemyr, kom frå Gåsemyr, og budde der.

Noregs eldste handelsstad (Rugsund, dokumentert handel frå 1200-talet), dronning Ingerid av Noreg sin drapsstad, kyrkjegarden ved handelsstaden og kyrkja som brann ned der, er alt med i vår guiding-informasjon. Og litt om Olav Trygvasson og Vingen-feltet. Det er så mykje norsk historie rundt Rugsundøy, at når vi sender folk frå Oslo heim igjen, er dei overbevist om at no forlet dei Noreg.

Kake og kaffi, lutret musikk, og allsang etter leirskulemodellen vår; "langt over grensa", var med på dagens program.

Vi henta Breims-pensjonistane med minibussar på morgonen, og køyrde dei heim til Breim på kvelden. Firda Billag og VY, har ein lang veg å gå i høve service ombord, dersom dei skal matche Norsk kystleir. Makan til servering, frå bakluka på caravellen ombord i ferja, er vanskeleg å slå.
Ein skal no ha det litt kjekt i dette livet... og folk over 66 kan gjere som dei vil, i følge Wenche Myhre.

Vonar Breim pensjonistlag fekk ein dag for minneboka. Mange klemmar, handtrykk og nokre gledestårer, gav oss ein god følelse.

Tusen takk for besøket !
Dette var stort for oss, som er Breimningar i eksil halve året.
Vertskap var Thobias (barnebarn), Britt og Magnus Willumsen, Roar (son), og Elin Finstad (som kom frå Bergen).

Bli gjerne med på denne bilet-reisa.

Ps: Med plastpose i handa skulle underteikna rydde minibussen for pappkrus og boss i går kveld. Ingenting. INGENTING ! Ikkje eit einaste boss ! Heilt sterilt.

Fekk ungdomen med seg denne informasjonen ?

11/05/2024

Gode dagar med gode folk. Fjordane folkehøgskule toppar skuleåret kvart år med eit besøk på Norsk Kystleir i Krokpollen. God sommar folkens !

Flott gjeng !
11/05/2024

Flott gjeng !

Adresse

Vågsøy
Bryggja
6711

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Norsk Kystleir legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Norsk Kystleir:

Videoer

Del