😳
😳 Hva har Linn gjort? Få det med deg på scena i Kulturbanken Hvelvet 😉 #ingentingomrosseland
Ingentingomrosseland
No nærmar det seg premiere, og amatørane kan snart ikkje kallast amatørar lengre 😅 stykket byr på mykje humor og glede, men akkurat her: ein forbanna “Frank” 🌸
@ingentingomrosseland #ingentingomrosseland
Ingentingomrosseland
Hallo, hallo? 🙂
Gjengen øver jamnt og trutt, og at det no snart er fullt i dei to første førestillingane er MAGISK 🤩 Noko av det me gler oss til er å syngja saman med publikum! LIDEN, FYSJ OG FEI, TOGET, 4 MANN OG SANG og fleire 😁 Kva er din #ingenting favoritt? Skriv gjerne i kommentarfeltet under 🙂
Ingentingomrosseland
Sist ut er Monica, med idé, manus og regi 🙂 Då Gøran ei gong i tida ynskja Rosseland Ballklubb på scena, spurde han om ho ville ta på seg jobben. Monica var ikkje klar, og svara nei 🙃 Under ei øving med Rosselandsbandet for rett over 2 år sidan, der Heine naila ein Ingentingsong, fekk ho idéen til heile historia og takka ja til oppdraget likevel. I tillegg til Monica har Heine, Jan Eirik, Gøran og dei som du ser i stykket, vore med og bidratt til tekst og handling i stykket. Opplev resultatet snart i #hvelvet #kulturbanken på Bryne 😀
Ingentingomrosseland
For mest 10 år sidan starta Gøran å drøyma om å få “Rosseland på scena”. For rett over 2 år sidan la alt seg til rette - før korona sette ein stor pause for alt. No er ting heldigvis tilbake i rute, og Rosseland Ballklubb presenterer snart ei fin, humoristisk og “nedpå” kjærleikshistorie om Linn og Frank. Heile greia er skrive rundt kjende songar av bandet #ingenting og det blir sjølvsagt lagt opp til allsong! Rosselandsbandet er med og skaper fantastisk god stemning gjennom stykket. Men kven er så dette for? Kun dei frå Rosseland? Nei, dette er eit stykke som kan passa for alle 😊 Humoren er ikkje verken intern eller særleg lokal. Har du nokon gong vore forelska vil det passa, har du ungar som har drive idrett vil det passa og er du glad i Ingenting… då må du jo berre kome 😅 Ikkje gje faen i det, men få kjøpt deg billetter til ein KONGE kveld med supre folk på scenen og mykje humor, lått og løye 🎶😀
Ingentingomrosseland
Sven er ein av dei få i gruppa som har litt erfaring frå å stå på scenen 🙂 … og han dukker opp i uniform #saynomore 🙈😅 #ingentingomrosseland
Ingentingomrosseland
❤️ Mari har ei stoooor oppgåve, for ho er sjølvaste Linn, ei av hovudrollene i stykket. Ho er dritflink i rolla, syng knallbra og har heller ikkje vore på scena før. Klart det er lov å vera nervøs 😅 #ingentingomrosseland
Ingentingomrosseland
Jan Eirik… altså…han må opplevast 😅👌 i ei rolle som ikkje enkelt kan forklarast, der motspelarane knekk saman av latter gong etter gong. #ingentingomrosseland
Ingentingomrosseland
Ørjan 😊 Godkar som du får oppleva dersom du kjem og ser #ingentingomrosseland 😀
Ingentingomrosseland
Ikkje alle hadde takla rolla Aud Evy har i stykket, … og ho fiksar det med stil 😁👌
#ingentingomrosseland
Ingentingomrosseland
Heine har rolla som hovudpersonen Frank i stykket 🙂 Kanskje har du sett han før som vokalist i #rosselandsbandet ? Når Heine syng vert det alltid god stemning og fest i lokalet 😁🎶 I førestillinga #ingentingomrosseland er de i salen sjølvsagt og med og syng 🤩 Me gler oss!
Ingentingomrosseland
Hils på Peter, …og vil du sjå han utanfor komforsona (noko han absolutt fikser 👌): skaff deg billett og gled deg til #ingentingomrosseland 😁