Gullkjøt - lam, sau og kjekjøt frå Eksingedalen

Gullkjøt - lam, sau og kjekjøt frå Eksingedalen Gullkjøt AS sel kjekjøt av beste sort, både til private og til næring. Kjea får ein spektakulæ Eg heiter Unn Evelyn Gullbrå. Saman har me sau og geit.

Liker dyr og er både høgt og lågt på ein gong. Med meg på lasset har eg fleire gode hjelparar. Kjetil Reidar Vassenden, min betre halvdel, er ein god mann som eg ikkje kunne klart meg utan. Han spikrar garder, haustar gras, drenerer, ordnar silotalje, steller med dyra og mykje anna. Nokon må tross alt utføre alle planane mine. Dessverre vert mange kje avliva når dei er nokre dagar gamle. Eg tykkje

r det er for gale at ein slik fantastisk fin ressurs forsvinn på denne måten. Difor ynskjer eg i det minste ta vare på kjea så dei får gått ute og beita om sommaren. Deretter kan dei slaktast og bli til fantastisk fint kjekjøt som smaker heilt utsøkt! Kjetil og meg henter nokre dager gamle kje og har dei heile sommaren. I starten må dei være i fjøs, fordi det er snø ute. Etter kvart som graset veks får kjea komme ut og gå på beite resten av sesongen. I tillegg til stell og oppforing av kje har me nokre boergeit. Nytt for året er ei større satsning på boergeit. Saman med Gøril og Lars Bjarte Nesheim m/fam har me no ein flokk på ca 30 hodyr. Desse er para med ein boerbukk og vil kjea til våren. Boergeitene er nydelege ammegeiter med meir kjøttfylde enn eksempelvis melkegeiter. Geit rydder heilt suverent i utmark, er trivelige og flotte dyr, gir postitive opplevingar for dei som både ser og får være med dyra. Og sist, men ikkje minst, dei er mat til oss menneske. Eg vil også kreditere Bjørg Lavik som steller dyra ein del. Gullkjøt AS har stelt med kje sidan 2016 og seldt hovedsakleg til restauranter i Bergen. Me har fått gode tilbakemelding på produkta våre. No ynskjer me å orientere oss meir mot å tilby kjekjøt til private. Gullkjøt AS kan frå 1. mai/haust 2021 tilby for salg ca 100 kje. Dyra vert seld grovpartert. Ei slik pakke veg 7-10 kg. Nokre avvik kan det være. Prisen er ca 1.500,- for ei pakke. Ein middag for 4 vaksne er eksempelvis 1 sideribbe og 1 bog. Eit baklår går fint til ein heil familie. Kjekjøt egner seg også fint på grillen! Dersom du ynskjer legge inn ei bestilling, send meg ei melding her på facebook eller ring/sms til 41 64 72 60.

No kan du bestille beiting i sommar!Kjea er fødde og dyra skal ut til veka.Ting 97675416 og avtal leigebeiting👍😊
11/05/2024

No kan du bestille beiting i sommar!
Kjea er fødde og dyra skal ut til veka.
Ting 97675416 og avtal leigebeiting👍😊

22/04/2023

Vil du ha beitande geit og kje på Nofence ( virtuelt gjerde ) i sommar? Ta kontakt omgåande på tlf 97675416 ( Lars Bjarte Nesheim )

30/09/2022

Då takker geitene for seg denne sesongen. Her frå Steinavatnet langs stien mot dagsturhyttta - takk til Modalen kommune for oppdraget!

Dersom du ynskjer beitande geiter komande sesong, ta kontakt med Lars Bjarte Nesheim på tlf 97675416. Så legg me ein plan :)

4 geiter og 6 kje takker for seg etter ein fin sumarferie på Kalvik ( Osterøy ). Me og geitene takker for oppdraget og m...
28/07/2022

4 geiter og 6 kje takker for seg etter ein fin sumarferie på Kalvik ( Osterøy ). Me og geitene takker for oppdraget og melder samstundes at denne flokken er klar for nye oppdrag i august/sept. Ta kontakt dersom du ynskjer beiteteneste:)

Litt ymse frå våren:- Beiteslepp.- Levering av beiteryddinggeiter til kundar.Me har framleis nokre geit og kje som kan l...
23/06/2022

Litt ymse frå våren:
- Beiteslepp.
- Levering av beiteryddinggeiter til kundar.

Me har framleis nokre geit og kje som kan leigast bort som beiteryddarar! Ta kontakt på tlf 97675416 og leig deg nokre geiter! Me har gode erfaringer :)

No skjer det saker og ting!Evelyn har gått gjennom fryseren og tømmer restlageret. Der finn ho ei ribbe, som egner seg g...
30/04/2022

No skjer det saker og ting!

Evelyn har gått gjennom fryseren og tømmer restlageret. Der finn ho ei ribbe, som egner seg godt på grillen eller i stekeovnen.

Ein tippekonkurranse: Lik sida og gjett vekt på kjeet som står i spagaten. Den som er nærmast riktig svar vert den rettmessige vinnar av restlageret ( 1 stk ribbe ). Svaret annonserast torsdag 5. mai.

Og vinnqr

Lik og del:)

Siste mulighet for å skaffe seg lokalt og fyrsteklasses kjekjøt denne sesongen. Har 10 stk til salgs. Bestill direkte ti...
20/10/2021

Siste mulighet for å skaffe seg lokalt og fyrsteklasses kjekjøt denne sesongen. Har 10 stk til salgs. Bestill direkte til Evelyn ( tlf 41647260 ), Lars Bjarte ( tlf 97675416 ) eller annan tenkeleg måte.

Hei! Boergeitene har gått ute og beita heile sommaren. Dei ser flotte og friske ut!I veke 36 har me for salg bukkeslakt ...
23/08/2021

Hei! Boergeitene har gått ute og beita heile sommaren. Dei ser flotte og friske ut!

I veke 36 har me for salg bukkeslakt av 15 boerkje og 5 vanlege melkegeitkje. Dette er flotte produkt med god kvalitet.

170 kr/kg for boer og 150 kr/kg for vanleg. Grovpartering kr 100,-.

Dersom du ynskjer kjøpe, kontakt Evelyn direkte på tlf 41647260. Kan også sende melding her på Messenger eller kontakte Gøril eller Lars Bjarte Nesheim, hhv 93054636 og 97675416. Mange kje er allereie reservert, så vær snar om du vil sikre deg eitt.

Gullkjøt planlegg retur av 20  kjeslakt etter påske ( veke 16 ). Ei pakke veg ca 8 kg og koster omlag 1500 kroner. Evely...
03/04/2021

Gullkjøt planlegg retur av 20 kjeslakt etter påske ( veke 16 ). Ei pakke veg ca 8 kg og koster omlag 1500 kroner. Evelyn ynskjer bestillinger frå no og ut veke 14! Ring 41647260 for bestilling. Lik og del 😊

12/03/2021
10/01/2021
10/01/2021
10/01/2021

Adresse

Eksingedalsvegen 3557
Eidslandet
5728

Telefon

+4741647260

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gullkjøt - lam, sau og kjekjøt frå Eksingedalen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gullkjøt - lam, sau og kjekjøt frå Eksingedalen:

Del


Andre Cateringfirmaer i Eidslandet

Vis Alle

Kan hende du også liker