Herøy Kulturhus

Herøy Kulturhus Herøy Kulturhus - Herøyhallen vart åpna i 1980. Kulturhuset inneheld ein festsal med 420 plassa

Snart er det show på kulturhuset 💃🕺
11/06/2024

Snart er det show på kulturhuset 💃🕺

Laurdag 15. juni brakar det laust på Herøy kulturhus med jubileumsårets utgåve av konserten Be’glorious.

16/05/2024

Herøy kulturhus vert stengt for publikum 16. mai.

Huset skal klargjerast til 17. mai feiring.

Herøy Kulturskule har normal drift i dag og undervisning som oppsett. Alle elevar må komme til øving.

Behov for kontakt? Ring tilsynsvakt på telefon: 905 25 579.

No er det tid for å søke om trening og øvingstid for skule året 2024/2025. Nytt elektronisk skjema.
07/05/2024

No er det tid for å søke om trening og øvingstid for skule året 2024/2025. Nytt elektronisk skjema.

Ønsker du øvings- eller treningstid i Herøy kulturhus, Herøyhallen eller Einehallen for skuleåret 2024/2025? Søk seinast 26. mai.

I dag er det vårmønstring på Herøy kulturhus. Amerikansk stemning og mykje flotte bilar.Matservering både ute og inne.Ta...
01/05/2024

I dag er det vårmønstring på Herøy kulturhus. Amerikansk stemning og mykje flotte bilar.

Matservering både ute og inne.

Ta deg en tur då. Opnar kl. 12.

13/03/2024

I morgon vert det ikkje strikkekafé, tips videre er du snill 🥰

Herøy Kulturskule er 50 år i 2024. Denne veka held dei elevkonsertar. I dag er dei på kulturhuset og skal halde 3 forest...
12/03/2024

Herøy Kulturskule er 50 år i 2024. Denne veka held dei elevkonsertar. I dag er dei på kulturhuset og skal halde 3 forestillingar. Ein oppegåande og sprek jubilant.

Herøy Kulturhus og Herøyhallen stenger kl. 12 i dag 31.01.24 grunna uveret som kjem.
31/01/2024

Herøy Kulturhus og Herøyhallen stenger kl. 12 i dag 31.01.24 grunna uveret som kjem.

Vi ber føresette hente barnehagebarn seinast klokka 14.00 onsdag 31. januar. Barn som ikkje nyttar skuleskyss, bør hentast. SFO og kulturskulen held stengt. Det er meldt ekstremver.

18/01/2024

Snart kamp i Herøyhallen.

02/01/2024

Herøy Kulturhus har fått tilbake vatnet. Normal drift frå onsdag 03.01.24 kl. 8.

Spanande.Kick off på Herøy kulturhus.
27/11/2023

Spanande.

Kick off på Herøy kulturhus.

Dobbel konsert på kulturhuset laurdag 25. november.
22/11/2023

Dobbel konsert på kulturhuset laurdag 25. november.

Laurdag 25.november kl 1330 og kl 1700 inviterer Herøy kulturskule til adventskonserten JuleMix 2023 på Herøy kulturhus.

JuleMix er ein konsert med elevar som får undervisning i kulturskulen, og publikum vil få seg mange fine opplevingar med kjempeflinke og kanskje litt spente elevar.

Sidan dette blir kulturskulen sin første konsert i adventstida, vil vi pynte scena slik at vi får ei koseleg stund i Festsalen.

Ta deg ein tur då vel:-) Det er gratis inngang.

Det er framleis arbeid på Herøy kulturhus. Her er ein gjeng frå HVS, bygglinja. Dei leverar veggar som skal nyttast til ...
04/10/2023

Det er framleis arbeid på Herøy kulturhus. Her er ein gjeng frå HVS, bygglinja. Dei leverar veggar som skal nyttast til workshop for kunst på UKM.

Fredag skal veggane monterast opp i gangen, utanfor biblioteket.

I dag er del val, både lokalval og Kyrkje val.Val frå kl. 12-20 på Herøy kulturhus.Bruk stemmeretten din.
11/09/2023

I dag er del val, både lokalval og Kyrkje val.

Val frå kl. 12-20 på Herøy kulturhus.

Bruk stemmeretten din.

18/08/2023

Herøyhallen vert stengt for aktivitet i veke 34 på grunn av igjenståande arbeid.

Nye heisa på kulturhuset er operativ og i drift.Første turen vart gjennomført av Elena.
15/08/2023

Nye heisa på kulturhuset er operativ og i drift.

Første turen vart gjennomført av Elena.

Heisa vart overlevert torsdag 10.08.23, fra Lift tech til Herøy kommune. No venter vi berre på ferdigattest frå Herøy ko...
12/08/2023

Heisa vart overlevert torsdag 10.08.23, fra Lift tech til Herøy kommune. No venter vi berre på ferdigattest frå Herøy kommune før den kan brukast/settast i normal drift.

Tribunen går mot ferdigstilling. Det vert veldig bra 🙂

Arbeida på Herøy kulturhus.På nye heisa vert det montert beslag. Siste rest av arbeida vert ferdigstilt. På måndag 7. au...
01/08/2023

Arbeida på Herøy kulturhus.

På nye heisa vert det montert beslag. Siste rest av arbeida vert ferdigstilt. På måndag 7. august kjem krankontrollen og skal godkjenne arbeida. Om alt er i orden så er heisa operativ på tysdag 7. august.

Arbeida med tribunen held fram. Målet er at den er ferdig 11. august.

Som mange sikkert har fått med seg så har det vore stor aktivitet med mykje arbeidsfolk i sving på Herøy kulturhus.Det v...
13/07/2023

Som mange sikkert har fått med seg så har det vore stor aktivitet med mykje arbeidsfolk i sving på Herøy kulturhus.

Det vert arbeidd med å få ny heis. No er alt av betongsaging ferdig og arbeidet med montering av den nye heisa er i sving. Lift tech ar utførande firma.

I Herøyhalllen er den gamle tribunen demontert. Arbeidet med bygging av ny tribune er i gang av: byggenheim.

Alle arbeida er planlagt ferdig til 11. August.

26/06/2023

I sommar får kulturhuset ny heis, Herøyhallen ny tribune, Einedalen skule nytt overbygg. Les korleis du vil merke bygginga.

Søk om treningstid.
17/06/2023

Søk om treningstid.

Vi skal tildele øvings- og treningstider i Herøy kulturhus, Herøyhallen og Einehallen for skuleåret 23/24. Søknadsfristen er 28. juni.

13/06/2023

Berre å skaffe seg billetter. Dette vert bra 💃🕺

Berre å melde seg på.
04/05/2023

Berre å melde seg på.

Vi inviterer lag og organisasjonar til eit populært og inspirerande kurs om tilskot og Tilskuddsportalen.

Hels på tilsynskoordinator Tore! 😊
26/04/2023

Hels på tilsynskoordinator Tore! 😊

Lurer du på noko som gjeld Herøy kulturhus eller idrettshallen vegg i vegg? Då er det Tore Langvatn du skal kontakte.

Her er det berre å kjøpe seg billetter. Ledig plass både fredag og laurdag.
13/04/2023

Her er det berre å kjøpe seg billetter. Ledig plass både fredag og laurdag.

Vennefesten 2023 er eit arrangement der dei yngste elevane i kulturskulen får opptre på scena og framføre noko av det dei har øvd på dette skuleåret. Å kunne stå på ei scene og vise fram det ein lærer i løpet av skuleåret, er ein del av opplæringa til kulturskulen. Og når ein ser kor b...

13/04/2023

I dag er "Den kulturelle skolesekken" her med forestillinga Bandoneon.

Framsyninga er for grunnskolen.

Snart UKM. Skaff deg biletter 🙂
10/03/2023

Snart UKM. Skaff deg biletter 🙂

🤩 Deltakarane er klare, så skaff deg billett til UKM laurdag 11. mars på kulturhuset! 🤩

👉 Her fiksar du det: https://heroy.kulturhus.no/ukm-kz74ai/

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

27/01/2023

Danseworkshop på Herøy kulturhus idag.

6. Klassetrinn ved Bergsøy skule fikk undervisning i breakdance 🕺💃

Her er muligens nokre kommende deltakarar i "skal vi danse"

25/01/2023

DKV Teater med framsyninga: Alice i eventyrland.

To forestillinger onsdag 18.01, to forestillinger torsdag 19.01 og ei forestilling fredag 20.01.

Her er det Moltu og Leikanger skule som er på besøk.

29/05/2020

Herøy kulturhus har opna for enkelte aktiviteter og hovudinngangen er no open i biblioteket si opningstid (sjå eige oppslag om opningstider).
Det er ikkje høve til å opphalde seg i fellesområda eller nytte toaletta utan særskilt løyve.
Det gjeld også området rett utanfor inngangspartiet.

Lag og organisasjonar har starta med organisert trening og øving der det er laga eigne reglar for:
- maks antal personar samla samstundes (50 stk) med minimum 1 meter avstand
- ikkje opphald i fellesareal
- regulert tilgong til toalett
- føring av lister over deltakarar
- sjuke skal ikkje delta på aktivitetar

Kulturskulen har starta opp igjen med undervisning på kulturhuset
Det er ikkje anledning til å opphalde seg eller vente i gangen ved kulturskulen. Elevar som skal på undervisning må kome rett til timen sin, og evt foreldre/føresette må vente utanfor. Husk klesskift for dei som skal på dans. Ellers gjeld vanlege smittevernreglar som handvask, halde avstand osb.
Dersom ein er sjuk må ein halde seg heime.
Spørsmål vedr kulturskulen: Kulturskulerektor Rune Paulsen ([email protected]),
tlf.: 950 87 377. Sjå meir info på https://www.heroykulturskule.no/

Biblioteket har opna og publikum kan sjølve kome til lokala for lån og levering.
Her gjeld same reglane som på butikken. Hald avstand, vask hender, bruk antibac.
Vi oppmodar om at born ikkje kjem utan vaksne og at den enkelte avgrensar tida dei oppheld seg i biblioteklokalet slik at vi kan ta godt vare på kvarandre.
Spørsmål vedr. biblioteket: ([email protected]), tlf.: 948 89 342

Frivilligsentralen
er stengt for publikum, men det er muleg å låne lokala til avtalte møter. Opnar for alle tidlegast 15.6.
Alle spørsmål vedr frivilligsentralen: Britt Paulsen ([email protected]) tlf.: 992 10 020

Fritidsklubben
er for tida stengt for dei faste aktivitetane. Slik det ser ut no vil den ikkje opne før etter sommarferien
Spørsmål vedr fritidsklubben: Mona-Grethe Ryssevik ([email protected])
tlf.: 954 65 858

Generell info
Vi ber alle respektere dei smittevernreglane som gjeld.
Sjå oppdatert info på Herøy kommune sine nettsider: https://www.heroy.kommune.no/beredskap/koronavirus-coronavirus/kultur-og-fritid/
Dersom nokon ønskjer å nytte andre lokaler eller vil ha aktivitet til andre tidspunkt enn dei har fått tildelt, må ein søkje om det i god tid
For generelle spørsmål om opningstider og drift av Herøy kulturhus ta kontakt med:
Bjørn Holum ([email protected])
Kontaktinfo tilsynsvakter: [email protected], Vakttelefon: 905 25 579

Adresse

Lisjebøveien 10 A
Fosnavåg
6090

Åpningstider

Mandag 14:00 - 19:00
Tirsdag 14:00 - 19:00
Onsdag 11:00 - 15:00
Torsdag 14:00 - 19:00
Fredag 11:00 - 15:00
Lørdag 10:00 - 14:00

Telefon

+4790525579

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Herøy Kulturhus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Herøy Kulturhus:

Videoer

Del

Arrangement/planleggingstjenester i nærheten


Andre Sports- og arrangementsarenaer i Fosnavåg

Vis Alle