26/10/2022
Det vert konsert med Østerlide fredag 4. november kl. 20.00 (dørene opnar 19.30) i Løa i Jakob Sande-tunet. Østerlide feia inn på den norske folkemusikkscena i 2020, til overstraumande kritikkar fra eit samla kritikarkorps. Bandet beherskar eit stort spekter av stemningar, fra det kviskrande til det brutalt støyande. I opne musikalske landskap eller tronge, klaustrofobiske musikalske rom bæres lyttaren alltid vidare av dei uslitelige og tidlause folkemelodiane som er forma og slipte gjennom århundra.