26/11/2022
Takk for laget❤️
8 år, to lavvoar, mykje aktivitet, lått og løye, glade folk, fest, fagsamlingar, trening, festar, Kom deg ut-dagen der alle ordførarane i Sunnhordland overnatta, bursdagar, og ja til og med bryllup har blitt arrangert her!
Etter mange år med lagbygging, har me no tatt endeleg avgjersle om å sette sluttstrek. For i tillegg til å ha hatt så mange gode år med fine opplevelsar saman med mange fantastiske folk, har me også hatt to orkanar på besøk som røska med seg kvar sin lavvo, tok alle apparata me hadde bygd opp til teambuilding og hinderløp, og reiv like godt med seg treningseika og raserte skogsløypa også.
I stormen då lavvo nummer to vart øydelagt, sat me ei stund på gjerdet og funderte kva som var beste veg vidare. Me har kome fram til at vårt lavvo-eventyr no er over.
Me har verkeleg hatt så mange fine år! Me tar med oss gode minner, mykje god læring, magiske øyeblikk og mange gode relasjonar. Tusen takk alle dåke som har vore innom, som har heia på oss, som har bidratt til at dette eventyret har vore mogleg. Me er takknemlig for alt som har vore, og ser no framover. Det ligg alltid muligheter for nye spennande eventyr der framme💫