19/12/2023
Hei, Viggjabygg.
Styret i Viggja vel jobbar gjennom året for å finne arrangement som kan trekke sambygdingar til Viggjarheim. Vi må ta omsyn til
- Kva vil det koste å gjennomføre?
- Kor mykje frivillig innsats vil det krevje?
- Kor mykje kan vi eventuelt få i inntening?
- Vil det appellere til folk, så det kjem nokon?
Vi har så langt i 2023 prøvd oss med nokre små arrangement og vi har nokre planer for framtidige arrangement.
Styret i Viggja vel har gjennom fleire styremøte vurdert om vi skal arrangere Ainndagsfest i år. Vi har konkludert med at det kan vi ikkje gjere. Den største årsaka til det, er at vi ikkje har vore i stand til å finne nok frivillig innsats til den store oppgåva. Når vi ser attende på dei siste åra der vi gjennomførte Ainndagsfest, så kan vi observere at gjennomsnittsalderen på vaktstyrken auka med eitt år for kvart år som gjekk. I år så viser det seg at det er vanskeleg å sette saman nok folk for eit så stort arrangement. Ulempa er at vi mister ei brukbar inntening, og det må vi ta omsyn til i kommande budsjett.
Under "Coronatida" lærte vi oss å vere heime. Det ser ut til at det framleis sitt litt i oss. Det kan vi gjere noko med, men vi må gjere det saman.
Følg med på "Viggjarheim forsamlingshus", "What's on på Viggja" og "Mitt Skaun" for framtidige arrangement!
Takk for alle som har deltatt på arrangement vi har gjennomført så langt i 2023.
Med helsing Joakim Bustad, leiar.