16/05/2019
Stryn Gummibåtfestival
God dag alle stryningar og ivrige gummibåt entusiastar. Sommarens gladnyheit er at Stryn Gummibåt Festival eller er under planlegging og større en nokon gang!
I år som i fjor vil festivalen gå av stabelen 26.-27.juli, og vi kan allereie no nesten garantere strålande sol, iskald pils, og ikkje minst fantastisk stemning! For nye medlemmar inneheld SGBF: gummibåt «rafting» ned Stryneelva, grillings på øya, og seffølgeleg DJ/musikk på Johans Pub.
I fjor tok vi ny rekord med rundt 150 personer i elva, og satsar på at vi kan setje ein ny rekord i år! Om du vil bli med å lage ny rekord, så er det berre å setje av helga til gummibåt stemning i Stryn! Vil oppmode alle til å følge med på sida vår framover, for der kjem vi til å sleppe artistar/ DJ’ar, konkuransar og nyheiter!
Vi vil også gjerne benytte anledninga til å takke tidligare arrangørar og stiftarar av Stryn Gummibåt Festival, for en utruleg bra jobb over fleire år! Kristoffer Vik Nygård, Stian Bøe, Emil Goberg Solheim og P**l Henning Jørgensen utan dykk hadde vi aldri hatt årets desidert kjekkaste festival!
Vi sjåast, og stay tuned!🔥