Tysnes Putball

Tysnes Putball Tysnes sin fyrste putballbane på Nesse Gard. Prosjekt av Roald Nesse.

Tysnes Putball ⚽ inviterer til rundar med Putball! Banen er nyslått og ligg klar og venter. Putball passar for alle, uan...
09/07/2024

Tysnes Putball ⚽ inviterer til rundar med Putball! Banen er nyslått og ligg klar og venter. Putball passar for alle, uansett alder!
Velkomne skal De vere alle som ein!!

03/07/2024

Velkommen! 💕
Kjekt for liten og for stor!
⚽⚽⚽🌷

28/06/2024

Putball banen er opna for sesongen!
Mange nye baller er kjøpt inn og banen ligg og venter på at akkurat du skal kome og spele! ⚽⚽⚽

Velkommen!!

Putball banen er opna!!⚽⚽⚽Ope kvar dag!!Velkommen!! 🍀
15/06/2024

Putball banen er opna!!⚽⚽⚽
Ope kvar dag!!
Velkommen!! 🍀

23/06/2023

Ta ein tur innom Tysnes Putball ein av desse fine sommerdagene! Me er open for sesongen⚽️

Me i Tysnes Putball vil ynskja alle ein fin 17. mai!❤️💙🤍
17/05/2023

Me i Tysnes Putball vil ynskja alle ein fin 17. mai!❤️💙🤍

Lyst på litt fart og spenning desse nydelege vårdagene?⚽️⛳️ Besøk Tysnes Putball på vakre Nese Gard (det følgjer med god...
15/05/2023

Lyst på litt fart og spenning desse nydelege vårdagene?⚽️⛳️
Besøk Tysnes Putball på vakre Nese Gard (det følgjer med god utsikt over Langenuen😉)
Ta med ein kompis, familie, eller naboer 💗 Her er alle velkomne! Til og med din firbeinte venn🐶

Då er me straks i gong! Ein liten oppfriskar om Putball:1. Reglar:Putball er ein aktivitet for dei i alle aldrar. Her er...
08/04/2023

Då er me straks i gong! Ein liten oppfriskar om Putball:

1. Reglar:
Putball er ein aktivitet for dei i alle aldrar. Her er alle velkomne så lenge dei ikkje sleng frå seg boss, gjer herverk eller ikkje tar ballen med seg tilbake.
Målet er å sparka fotballen inni hol i bakken. Me har 9 slike hol, eller baner, med ulike, spennande utfordringar.
Jo færre spark, jo meir imponerande!
De noterer ned poeng ved bruk av skjema. Desse finn du anten innafor eller utfor løadøro (avhengig vær). Den med minst poengsum vinn spelet!

2. Betaling:
Me er alltids opne no i våren og sommaren. Det er berre å koma til kva tidspunkt ein vil.
Betaling går gjennom vipps. Vaksne 100kr, born over 6 år, 50kr. Nummeret finn du på Facebook-sida vår eller på skilta som står på banen.

Me gler oss til ein ny sesong av Putball! Ta med familien og kjende💗😊!

Mvh, Tysnes Putball ⚽️

06/04/2023

Hugsar du oss?
Tysnes Putball opnar att denne sundagen!🥳Me inviterar liten og stor til banen våras på Nesse Gard!💗

I dag er siste dag ein kan spela putball før me stengjer for sesongen🤔 Me vil takka alle som har komt og spelt, og håpar...
31/10/2022

I dag er siste dag ein kan spela putball før me stengjer for sesongen🤔 Me vil takka alle som har komt og spelt, og håpar me vil sjå dykk att til neste år!⛳️ Tysnes Putball kjem tilbake enno sterkare⚽️💪

No er det oktober 🦇 som er siste månad du kan spela putball medan det går mot våtere og kaldere tider. Grip sjansen når ...
01/10/2022

No er det oktober 🦇 som er siste månad du kan spela putball medan det går mot våtere og kaldere tider. Grip sjansen når du kan for litt aktivitet, moro og landskap-idyll🌷

Framover vil Tysnes Putball vera ope KVAR dag (ja, sjølv på måndagar,) opp til halloween!🧛‍♀️🦇 Etter den 31. oktober vil...
04/09/2022

Framover vil Tysnes Putball vera ope KVAR dag (ja, sjølv på måndagar,) opp til halloween!🧛‍♀️🦇
Etter den 31. oktober vil banen lukkast for i år. Me anbefaler at alle tek sjansen no som det er framleis varmt og godt sein-sommarvér!🌞
Velkomen til oss🖤

Har du lyst å testa putballevna dine denne helga?Banen våras er open. Grip sjansen! ⚽️
27/08/2022

Har du lyst å testa putballevna dine denne helga?
Banen våras er open. Grip sjansen! ⚽️

05/08/2022

Usikker på opningstidene våre?⚽️⏳
No om sommaren er me ope kvar dag til skulestart (15. august)!
Etter skulstart holder me ope laurdagar og sundagar.

Ein kan også ordna med avtalt opning utanom eller "leige" banen. Ta kontakt med oss på messenger, mail eller ring oss 97933559.

⛳️
04/08/2022

⛳️

Det var mange smil å sjå på bakkane på Nesse gard laurdag, under den offisielle opninga av Tysnes putballbane.

Tusen takk til alle som kom og gjorde opningen til ei fin og velykka stund!💘 Tysnes Putball er no offisielt opna laurdag...
30/07/2022

Tusen takk til alle som kom og gjorde opningen til ei fin og velykka stund!💘 Tysnes Putball er no offisielt opna laurdager og søndager. Det er berre å nytta seg på moglegheita!

I dag er dagen!!🎉 Klokka 15 opnar Tysnes Putball på Nesse Gard, og me kan by på litt forskjellig. Fyrst er det snorklipp...
30/07/2022

I dag er dagen!!🎉 Klokka 15 opnar Tysnes Putball på Nesse Gard, og me kan by på litt forskjellig. Fyrst er det snorklipp rundt kl. 15:15, så kan ein utforska og spela på den flotte banen. Ved løo vart det sal av vaflar, sveler, kaffi, brus og gratis is til ungane! 💞 To flotte venninner på garden greip også denne sjansen til å arrangera eit lite loppemarked. Her kan du kjøpa bamser, dukker, spel og diverse, til farleg låge prisar!😉
Om de har spørsmål, svarer me dei gjerne her på garden. Alle er velkomne! 💖⛳️⚽️ Me sjåast.

27/07/2022

Ein liten smakebit av korleis å spela putball. Demonstrert av Knut Benjamin Dalland Nesse, kongen av ballar⚽️!!

Testing av banen må til før opning 💪⚽️⛳️
25/07/2022

Testing av banen må til før opning 💪⚽️⛳️

16/07/2022

Marker kalendrane! Tysnes Putball sin nye opningsdato er 30. juli 2022!🎉
Meir info kjem⚽️

10/05/2022

Hallo putball-interesserte!

Opp til no har opningsdatoen av putballbanen vore satt til den 26. mai, men det vil nok ikkje strekkja til innan då, diverre. Me har bestemt at banen treng litt meir gjennomtenking, og me vil oppdatera når me har komen til ei løysing! 💚⚽️

Mvh
Tysnes Putball

Hardt arbeid å lage til putballbane! 💪⛳️
21/10/2021

Hardt arbeid å lage til putballbane! 💪⛳️

Utsikt til ballspel. Danskebåten forbipasserar.
12/10/2021

Utsikt til ballspel. Danskebåten forbipasserar.

12/10/2021

•Kva er putball?
Putball, eller fotballgolf, er ein blandingssport som har komen til Tysnes på Nesse Gard. Det er eit engasjerande spel for både eldre og yngre. Det følgjer golfprinsippa men berre at man brukar beina og ein fotball i staden for golfutstyr.

•Korleis speler ein putball?
Målet med spelet er å sparka ballen frå utsparksplass og ned i holet på færrest mogleg spark. Godt spel gjev minuspoeng, dårleg spel gjev plusspoeng. Døme: treff du tilfeldigvis naboen sitt hus i staden for holet, går du i pluss.

•Poeng
Spelare vil få moglegheita til å dokumentere poeng og runder på skriveplater m/skjema. For augeblikket finner du desse skriveplatene innafor døra, at ved den fargerike siloen, men dette vil forandra seg når me har ei betre løysing. Til dømes i ei postkassa ute.

•Banen
Området innbefatter totalt 9 hol. På dei 9 banane er det lagt inn diverse hinder som gjer det litt spennande men også litt utfordrande. Til vanleg skal ein sparka igjennom hindera for å fullføra, men det viktigaste er at regelverket er noko spelarane er samde om då dei speler.

•Betaling
Ein treng vipps for å kunne betala for å spela putball. Vaksne er 100kr og born over 6 år er 50kr. Ved banen vil du finne nummer eller skann for dette.

•OBS!
De treng ikkje å ta med eigne ballar med mindre de er veldig mange. På garden har me opp til 15 ballar i ein kasse så ein kan låna. Me stoler på at alle spelare kan returnera desse til kassen etter bruk. Om de har spørsmål eller noko "feedback" å gje oss i Tysnes Putball kan de enten ta kontakt på nett, eller med oss på garden (me biter ikkje).

Velkome til oss!
(Ope kvar dag om sommaren til 15. august, elles er me ope laurdagar og søndagar.)

Adresse

Nesse Gard
Tysnes

Telefon

+4795171797

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes Putball legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tysnes Putball:

Videoer

Del


Andre Sports- og arrangementsarenaer i Tysnes

Vis Alle

Kan hende du også liker