Tysnes Ungdomslag

Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag Tysnes Ungdomslag er eit ungdomslag som held til i ungdomshuset, Vonheim, i Våge. Huset vart bygd i 1923, men er bygd ut fleire gongar.

Seinast i ´03/04 då det vart bygd nytt storkjøken. Huset er mogleg å leige for dei som måtte ynskje det. Huset passar til dei fleste arrangement ein kan tenkje seg. Kontakt utleigeansvarlig på: [email protected] eller send ei melding til oss her på facebooksida vår! Styret som er vald for Ungdomslaget 2022 er følgjande:

Styreleiar: Irene Dalland
Nestleiar: Marianne Tvedt
Styremedlem: O

liver Nordtveit Fagerbakk
Styremedlem: Samuel Dalland
Styremedlem: Mathias Bakke
Styremedlem: Sigvard M Madsen
Kasserar: Steffen Sleire Opdal
Vara: Erlend Tvedt
Vara: Marcus Dalland
Vara: Johanne Dalland

Utleigeansvarleg: Cecilie F Hauge Hansen, epost: [email protected]

Velkommen til ungdomsmøte i dag kl 18!NB!! IKKJE i Vonheim! Møtet er i Tysnesfest sitt møterom I 2 etg over polit/venter...
13/05/2024

Velkommen til ungdomsmøte i dag kl 18!

NB!! IKKJE i Vonheim! Møtet er i Tysnesfest sitt møterom I 2 etg over polit/venterombygget i Våge 😃

04/03/2024

Bli med og hjelp oss i mål med dette gode prosjektet i Vonheim 🧡
https://www.spleis.no/project/362597
Me treng sårt meir midlar for å få dette til, og me ynskjer så gjerne å tilby flotte ungdommar på Tysnes ein møteplass og arena der dei kan vera sosiale, ha gode aktiviteter i lag. Målet vårt er å tilretteleggja for at det blir gode oppvekstvilkår på Tysnes 🫶

✨️ For å verta ein god vaksen trengs ein god plass å vera ung ✨️

Sjå film frå eit smått begynt prosjekt i Vonheim her:

Sjelden har me sett Vonheim så vakker som under Jubileumsgalla, Vonheim 100 år i november 😍 Og me ser fram til enno flei...
14/12/2023

Sjelden har me sett Vonheim så vakker som under Jubileumsgalla, Vonheim 100 år i november 😍 Og me ser fram til enno fleire flotte stunder i det flotte huset vårt! Men skal huset leva vidare må me gjera nokre oppgraderingar, som kjem alle til nytte! Fyrste etasje skal bli eit veldig flott lokale for ungdommen, nye toalett og garderobe 👏 Det er berre litt av det som får oppgraderinger🥳

Difor vonar me at du ynskjer å støtta renovering og ombyggingsprosjektet vårt i Vonheim 🙏🎊✨️

Du finn spleisen vår her:

https://www.spleis.no/project/346462?fbclid=IwAR3R6cOMJEBb_lihOnDSelNHCU0RijXGfLnYDHZpnQmhIHRfEzt6XLZnp78

Betre seint enn aldri! 😊Me vil omsider takka så mykje for alle som kom på jubileumsgalla i Vonheim🇧🇻 Me er overvelda og ...
04/12/2023

Betre seint enn aldri! 😊
Me vil omsider takka så mykje for alle som kom på jubileumsgalla i Vonheim🇧🇻 Me er overvelda og veldig veldig glade for alle som blei med på å feira vakre Vonheim som me er så glad i. Å fylla huset heilt opp, med historiske og flotte innlegg frå scena, med framifrå mat servert frå kjøkenet med dei tusener av historiar i veggane, samla så mange mennesker i lag for å laga kultur, samhald og samkjensle – det var verkeleg magisk! ✨️

Me vil takka våre fantastiske sponsorar som gjorde at dette blei mogleg å gjennomføra: Andersland Bygg As, Tysnes Bolig As, Skarvatun VVS, Hansen Blogg og Betong, Treco bil As, Tysnes Kraftlag, Tysnes Hus & Hytteservice, Mandelhuset, Marinegruppen, Windsor, Tysnes Sparebank og Våge sentrum. 👏🎊
Me vil takka alle som jobba denne kvelden + i forkant og etterkant av den: enten på kjøkenet, som servitørar, i baren, på scenen, med pynting, vasking, rydding, med opp/nedrigg av bord, lyd, lys, bar, pynt og ballongar som blei henta og bringa, det same med mat og drikke, og sikkert mykje, mykje meir.

Me gler oss verkeleg til å samlast igjen i dette huset, når me no skal i gong med det største byggeprosjektet på veldig mange år. Huset skal endeleg få etterlengta oppgraderingar, og gjerast meir brukervenleg. Dette vonar me skal gje lyst til å nytta dette huset i mange år som kjem. 🥰
Men for å få dette til så treng me di hjelp på vegen. Me har ein veg å gå på å komma i mål økonomisk. Me har fått god støtte frå Tysnes Kraftlag og generalforsamlinga, som verkeleg gjer dette prosjektet mogleg å gjennomføra. I tillegg har me fleire søknader inne hjå andre aktørar. 🤞
Me vonar også DU vil vera med å få dette til. Me har difor oppretta ein spleis der dei som kan er hjartleg velkomne til å bidra. Pengane vil bli øyremerkt byggeprosjektet.
Del gjerne denne spleisen med fleire du kjenner som ikkje har facebook. Me har fått henvendelsar frå eldre som vil støtta prosjektet men som ikkje forstår seg på facebook eller spleis. Me set pris på alle som kan hjelpa dei som treng det i forbindelse med dette. På førehand hjartleg takk! 🙏🎊

Alle pengane som samlast inn går til det planlagte renoverings/ombyggingsprosjektet for Ungdomshuset Vonheim

04/11/2023

Som me gler oss til Jubileumsgalla, Vonheim 100 år i kveld 🇧🇻

Litt praktisk info: Dørene opner kl 18 og då blir det servert velkomstdrink, programmet begynner kl 18.30.

Antrekk: Pent (men som me alle veit, me har aldri stoppa nokon i døra på antrekk så ein stiller i det ein vil 😊)

Hjartleg velkomne til ein kjekk kveld 🥳🎉🇧🇻

🌟 Vonheim feirer 100 år, og i den anledning loddar me ut fleire fine gevinstar som skal trekkast på 100 års jubileet 4 n...
27/10/2023

🌟 Vonheim feirer 100 år, og i den anledning loddar me ut fleire fine gevinstar som skal trekkast på 100 års jubileet 4 november.

🌺 Haaheim: overnatting for 2 inkl frukost
🌺 Bunadssølje
🌺 Strikkagenser
🌺 Gratis leige av Vonheim
🌺 Tiko: varmepumpeservice til èin verdi av inntil kr 1000
🌺 Garden på Dalland: lammelår
🌺 Mandelhuset: treretter for to
🌺 Lynghaugane møbelverkstad: skjærefjøl
🌺 Gåve frå Kine’s hudpleie
🌺 Gåve frå Coop
🌺 Gåvekort kompasset
🌺 Jubileums t-skjorte kvit
🌺 Jubileums t-skjorte svart

10 kr loddet. Vipps til 131180 og Merk med lodd og navn

Vyrde følgjarar av Tysnes Ungdomslag ✨️ Det nærmar seg påmeldingsfrist for den kjempekjekke Jubileumsgalla, Vonheim 100 ...
19/10/2023

Vyrde følgjarar av Tysnes Ungdomslag ✨️ Det nærmar seg påmeldingsfrist for den kjempekjekke Jubileumsgalla, Vonheim 100 år 🤩
Dette blir ein kveld der me skal hylla Vonheim og verkeleg kosa oss med god mat, drikke og gode innslag frå scenen.

Du kjem til velkomstdrink, kvite dukar, herlig mat og eit nydeleg Vonheim. Frå scenen skal du få ein mix av historie, framtidsplanar, humor og musikk 🎶 Dette er ein kveld du ikkje vil gå glipp av!

På scenen etter programmet vil det vere Inger Lise Hope som gjer oss god musikk til å få ut dansefoten 💃🕺 For dei som likar betre å slå av ein prat etter programmet vil det vere moglegheiter for det både i salen og nede i labyrinten (1 etg).

Ta med deg ein god ven og kom!
Hjartleg velkomne 💛🧡

Påmeldingsfrist: 23.10.23. til Hans Christian Haaland på 93259185

Torsdag 12 oktober hadde me Barnedisko i Vonheim, med stor suksess 🎊✨️ Barn frå heile øya koste seg med venner, musikk o...
16/10/2023

Torsdag 12 oktober hadde me Barnedisko i Vonheim, med stor suksess 🎊✨️ Barn frå heile øya koste seg med venner, musikk og snacks🤩
Det var mange gode attendemeldingar, og de skal vera sikker på at dette kjem me til å gjera fleire gongar 🥳

Takk til alle som kom 🙏

Beste helsing Tysnes Ungdomslag 🌟🦋

Lurar du på kva det kostar å leiga Vonheim? Under finn du oversikten på prisar. Hugs at Vonheim blir nedstengt frå janua...
08/08/2023

Lurar du på kva det kostar å leiga Vonheim? Under finn du oversikten på prisar.
Hugs at Vonheim blir nedstengt frå januar 2024 i eit par månader i forbindelse med ombygging og oppussing av huset.

Hurra! 🇧🇻🥳No skal det bli ombygging og oppussing av vårt vakre Vonheim 👏😍 I går fekk me bekrefta av generalforsamlinga i...
06/06/2023

Hurra! 🇧🇻🥳

No skal det bli ombygging og oppussing av vårt vakre Vonheim 👏😍
I går fekk me bekrefta av generalforsamlinga i Tysnes Kraftlag at dei støtter prosjektet vårt med inntil 4 150 000,- 🇧🇻
Me er veldig takksame og glade støtta frå Tysnes Kraftlag. No byrjar jobben med å få på plass resten av finansieringa. Me har fleire instansar me allereie er i dialog med, og ein del aktørar får ein søknad om ikkje så altfor lenge.

Me treng og hjelp frå DEG! Skal dette prosjektet realiserast treng me så mange som mogleg med oss til å dra lasset i lag 🙏 På arrangement i Vonheim vil overskudd gå litt til drift og resten til dette prosjektet. Difor set me stor pris på at du kjem på arrangement i Vonheim 🤗 Du kan også hjelpa med å bli medlem i Tysnes Ungdomslag .
Medlemskap:
Ungdom: 150kr
Vaksen: 250kr
Familie: (2 vaksne og 2 born) 500kr
Bedrift: 1500kr
Meld deg inn via vipps (nr 131180) eller betal til konto 3525 07 06020. Skriv i meldinga navn og fødselsdato på medlemmet.
Etterkvart vil det og bli satt i gong ein kronerulling/spleis som du kan bidra med 😊

På bilda ser dykk kva som er planlagt av ombygging i huset 😊 Me er veldig stolte av at me snart kan tilby ein lavterskel møteplass der ungdom kan treffast og vera i lag. Me har vore på ungdomskulen og hatt direkte dialog og spørreundersøkjing med ungdomane. Dette var veldig nyttig! Det er eit tydeleg behov for ein felles møtestad. Plasseringa av Vonheim er veldig sentral både i forhald til skule og kollektivtrafikk.
For å verta ein god vaksen, trengst ein god plass å vera ung 🧡

Me ser fram til spanande månader framover der me skal få på plass viktig finansiering, velga entreprenørar og spikra detaljar i prosjektet.

Med ynskje om ein framifrå dag i solsteiken frå Tysnes Ungdomslag 🌞

Har du gløymd noko i Vonheim? Kontakt Irene på 95049131 viss du kjenner igjen nokon av desse plagga  på bilete 😊
25/04/2023

Har du gløymd noko i Vonheim? Kontakt Irene på 95049131 viss du kjenner igjen nokon av desse plagga på bilete 😊

06/04/2023

Det er no UTSELD for billettar til Skjærefesten-23 i Vonheim 🥳😊 Men det vil vera mogleg å kjøpa seg inn når trubaduren skal på etter showet på scena er ferdig 🎶 100kr for inngong. Dørene opnar igjen kl 22.00

Folkens! Det nærmer seg Skjærefesten-23 i Vonheim og me gler oss veldig til å ta dykk i mot 🤩 Dørene opner kl 19.00 Skjæ...
04/04/2023

Folkens! Det nærmer seg Skjærefesten-23 i Vonheim og me gler oss veldig til å ta dykk i mot 🤩

Dørene opner kl 19.00 Skjærtorsdag, og stenger klokka 20.00, for då byrjar underhaldningen! Etter showet er ferdig og trubaduren går på så er dørene opne igjen og du kan kjøpa deg inn for 100,-

Billett til show og Skjærefesten-23 kan kjøpast på Tysnes blomster og interiør i morgon onsdag eller i døra på Vonheim Skjærtorsdag for 400,-

Hjartleg velkomne skal de vera 💃🥳

På grunn av sjukdom på instruktør, blir me nødt å utsetja kurset som var planlagt i Vonheim i dag og i morgon. Me legg u...
17/03/2023

På grunn av sjukdom på instruktør, blir me nødt å utsetja kurset som var planlagt i Vonheim i dag og i morgon. Me legg ut nye datoar når desse er på plass!

💥Jubileumsåret 2023 er i gong! For ein fantastisk start på året med fest og basar i Vonheim forrige laurdag. Me er takks...
22/02/2023

💥Jubileumsåret 2023 er i gong! For ein fantastisk start på året med fest og basar i Vonheim forrige laurdag. Me er takksame for alle dykk som møtte opp på laurdag og blei med på eit knallkjekt arrangement.

🌟Totalt fekk me inn 80 000,- på fest og basar 🤩 Desse pengane går til drift av huset, og til fleire arrangement utover året 2023. Eventuelt overskudd på slutten av året 2023 vil gå inn i vårt store oppussingsprosjekt, der huset skal få eit velfortent løft inn i framtida.
Les Bladet Tysnes sin sak om arrangementet vårt på laurdag under ⬇️

PS! Allereie no kan du melda deg på swingkurs i Vonheim fredag ettermiddag 17 mars og laurdag 18 mars! Kontakt Irene Dalland på 95049131 for å melda deg på.

100-årsjubileet til Vonheim skal markerast ved å fylla dei tradisjonsrike lokala med så mykje innhald som mogleg. Laurdag vart jubileumsåret kick-starta då ungdomslaget inviterte til fest og basar, og konsert med 15-årsjubilanten TBA.

14/02/2023

Adresse

Våge
Tysnes
5680

Telefon

+4795049131

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tysnes Ungdomslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tysnes Ungdomslag:

Videoer

Del


Andre Sports- og arrangementsarenaer i Tysnes

Vis Alle